Tverrfagleg oppgåve om Sikkerheitsvakt AS
Dette er ei tverrfagleg oppgåve som er innom tema i alle programfaga på service, sikkerheit og administrasjon vg2. Ho eignar seg som ein individuell heildagsprøve eller som ei gruppeoppgåve.
Om Sikkerheitsvakt AS
Bjarne og Torhild gjekk service, sikkerheit og administrasjon vg2 og hadde deretter læreplass innanfor sikkerheit i Forsvaret. Etter fullført læretid møttest dei på vektarkurset til Securitas, der dei òg jobba ein kort periode. No vil dei prøve seg på eiga hand i sitt eige firma, Sikkerheitsvakt AS.
Sikkerheitsvakt AS treng løyve frå politiet til å drive sikkerheitsfirma. Lov om vaktverksemd krev at både Bjarne og Torhild er over 18 år og har tilfredsstillande vandel. Bedrifta vil tilby mobilt og stasjonært vakthald allereie det første året, og lån til bil blir ein stor kostnad.
Det er eit krav at dei som utfører vakttenester, må bruke uniform og bere synleg ID-kort. Bedrifta skal òg innreie eit enkelt kontor som dei har leigd i sentrum av byen. Av andre kostnader må dei rekne med lønn, husleige, forsikring, kommunikasjonsutstyr, marknadsføring og diverse småutgifter.
Oppgåve 1 Lønnsbudsjett og lønnsslipp
Dei to eigarane, Bjarne og Torhild, jobbar begge i firmaet. Dei håpar å få ei omsetning som gjer at dei kan ha ei årslønn på 450 000 kr kvar.
Lag eit budsjett for lønn og personalkostnadene i bedrifta for år 20xx.
brutto årslønn per tilsett: 450 000 kr
arbeidsgivaravgift: 14,1 %
innbetaling til pensjon: 2 % av brutto lønn
yrkesskadeforsikring: 650 kr per månad
uniform og sambandsutstyr: 75 000 kr
feiring av bursdagar og julebord: 5000 kr
Rekn ut netto utbetalt lønn for Bjarne i januar 20xx.
brutto årslønn: 450 000 kr
skattetabell: 7100
fagforeiningskontingent: 350 kr per månad
feriepengar: 12,5 %
Oppgåve 2 Servicerolla og omdømme
Bjarne og Torhild vil marknadsføre seg som "best på service". Du skal hjelpe Sikkerheitsvakt AS med følgande oppgåver:
Lag eit forslag til reglar for korleis Sikkerheitsvakt AS skal utøve service når dei er på jobb. Reglane skal vere utforma som tre til fem setningar på eit ark som skal hengast på kontorveggen, med overskrifta "Sikkerheitsvakt AS er best på service fordi vi alltid: ".
God service er viktig for omdømmet til bedrifta. Finn ved søk eller tenk deg døme på korleis dårleg handtering av ulike situasjonar kan skade omdømmet til eit vektarselskap. Forklar òg korleis Sikkerheitsvakt AS bør jobbe for å få eit godt omdømme.
Oppgåve 3 Sikkerheit på jobb
Sikkerheitsvakt AS har fått eit oppdrag på eit kjøpesenter. På kjøpesenteret kan det vere ruspåverka kundar. Gjer greie for symptom på at nokon er ruspåverka, og for korleis ein vektar bør handtere ruspåverka personar.
Aktuelle kompetansemål
Sikkerheit: "gjere greie for symptom på å vere ruspåverka og drøfte korleis ruspåverknad kan gå ut over sikkerheita i ulike situasjonar"
Administrasjon og berekraftig drift: "gjere greie for ulike typar lønn og berekne lønnskostnader"
Kommunikasjon og yrkesutøving: "gjere greie for servicerolla og utforske korleis utøvinga av servicerolla må tilpassast ulike mottakarar i ulike situasjonar, og korleis måten rolla blir utøvd på, kan påverke omdømmet til verksemder"
Kjelde
Kunnskapsdepartementet. (2021). Læreplan i vg2 service, sikkerheit og administrasjon (SSH02‑01). Fastsett som forskrift. Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020. https://www.udir.no/lk20/ssh02-01