Profesjonell – kva betyr eigentleg det? - Yrkesliv i helse- og oppvekstfag (HS-HSF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Profesjonell – kva betyr eigentleg det?

Som fagarbeidar innan helse- og oppveksttenestene er du ein profesjonell yrkesutøvar. Men kva betyr det eigentleg å vere profesjonell?
Video: Tom Knudsen, Jone N. Nyborg / CC BY-SA 4.0

Oppgåver

  1. Kva eigenskapar blir trekte fram av yrkesfagelevane i denne filmen som kjenneteikn på å vere profesjonell?
  2. Vel deg eit av yrka innan helse- og oppvekstfag. Lag ei liste med ti eigenskapar som du meiner er naudsynte for å vere ein profesjonell utøvar av dette yrket.
  3. Samanlikn punkta på lista di med det ein eller fleire medelevar har skrive.
    1. Korleis stemmer listene overeins?
    2. Diskuter i grupper. Lag ein plakat med punkta de i fellesskap meiner er dei ti viktigaste eigenskapane for ein profesjonell yrkesutøvar innan helse- og oppveksttenestene.
    3. Presenter plakaten dykkar for resten av klassen. Korleis stemmer lista dykkar med listene til dei andre gruppene?
  4. Lag ei liste med ti kjenneteikn på ein profesjonell idrettsutøvar. Korleis samsvarer desse punkta med eigenskapane de skreiv på plakatane med kjenneteikn på ein profesjonell yrkesutøvar?
Skrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 01.09.2023