Foreldre, føresette og pårørande - Yrkesliv i helse- og oppvekstfag (HS-HSF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Foreldre, føresette og pårørande

Som fagarbeidar har du først og fremst ansvar for brukarane, men i samband med brukarane vil du møte andre personar som også har krav på service og omsorg.

Føresette

Ofte er foreldre og føresette dei same personane, men i nokre tilfelle kan andre enn foreldra vere oppnemnde som føresette. Lovverket har fleire bestemmingar om kva for nokre plikter og rettar ein føresett har.

Pårørande

Pårørande kan for eksempel vere mamma til Peter på legekontoret, faren til Elin med Downs syndrom, kona til Helge som blir henta av ambulansen, eller dottera til fru Adawi på sjukeheimen.

Lovverket i helsesektoren har fleire bestemmingar om pårørande. For barn og unge blir foreldra eller den som har ansvaret for den daglege omsorga, automatiske rekna som nærmaste pårørande. For andre som ikkje er i stand til å ta vare på seg sjølve, gjeld eigne reglar for kven som skal bli nemnt opp som pårørande.

Barn eller unge under 18 år kan også vere pårørande, for eksempel til ein sjuk forelder eller sysken. Denne gruppa pårørande har ikkje dei same rettane som myndige pårørande. Dei har likevel eit stort behov for oppfølging både i helsestellet, i barnehagen og i skolen.

Foresatte til barn i barnehage og skole

Foreldre og føresette er ressurspersonar i barna sine liv. Føresette bidreg på mange måtar i barnehagen, på SFO og i skolen og kan vere ressurspersonar også her.

Føresette er ansvarlege for oppsedinga og har rettar på barnet sine vegner. I lovverket er det lagt vekt på at omsorga for barn skal skje i samarbeid mellom heimen og barnehagen eller skolen, og som fagarbeidar skal du ta del i dette samarbeidet.

Føresette kan komme til deg med uroingane dei har for barnet, og dei har krav på informasjon som har betydning for utviklinga til barnet. Etter kvart som barnet blir eldre, kan det i nokon grad sjølv avgjere om dei føresette skal varslast i alle samanhengar.

Foreldre og barn sine rettar er nedfelte i barnelova.

Nærværet av pårørande gir ofte både tryggleik og trivsel for brukaren. Derfor er det viktig at du er oppmerksam på og varetek den pårørande på ein god måte, slik at han eller ho kjenner seg verdsett og velkommen.

Ein pårørande har oftast god kjennskap til kva behov brukaren har. For ein brukar som er umyndig eller på andre måtar ikkje kan ta hand om seg sjølv, er det viktig at du lyttar til den pårørande når du skal leggje til rette for brukaren. Pårørande vil i slike tilfelle kunne ha rett til å medverke for å sikre at brukaren blir vareteken på best mogleg måte.

Det kan vere utfordrande å vere pårørande til barn og unge med psykososiale vanskar eller barn som blir utsette for mobbing og trakassering. Pårørande til rusmisbrukarar og mentalt sjuke lever ofte med angst og uro, og somme opplever å bli utsette for truslar og vald. Uførebudde og alvorlege hendingar vil kunne utløyse krise.

Å vere pårørande til ein brukar som bur heime, kan vere både fysisk og psykisk utfordrande, spesielt dersom ein sjølv har redusert helse. Pårørande kan lett gløyme å ta hand om seg sjølve når dei rettar all merksemd til den som er sjuk eller hjelpetrengande. Mange slit med ein følelse av hjelpeløyse og dårleg samvit fordi dei synest dei ikkje får gjort nok. Barn og unge kan oppleve å vere åleine med tankane sine fordi mamma eller pappa har nok med å takle eigne følelsar.


Det er viktig at du viser empati og gir ros for den innsatsen pårørande gjer. I nokon situasjonar kan det vere aktuelt at du rettleier pårørande eller bidreg til at dei sjølve kan få hjelp der spesielle situasjonar krev det.

Som fagarbeidar vil du kunne oppleve at pårørande uttrykkjer sinne og negativ kritikk, og pårørande kan somme gonger vere aggressive og til direkte hinder for at du får gjort jobben din. Slike reaksjonar er gjerne uttrykk for vanskelege følelsar i ein fortvila situasjon. Da er det viktig at du opptrer profesjonelt gjennom å lytte og vise empati. Dersom du opplever at det er vanskeleg å takle reaksjonane frå dei pårørande, bør du snakke med ein overordna, slik at de saman kan finne løysingar for å møte dei pårørande i fortvilinga deira.

Her kan du lese meir: Pårørandeveileder frå Helsedirektoratet

Relatert innhald

Skrive av Lene Fossbråten og Trine Merethe Paulsen.
Sist fagleg oppdatert 04.03.2017