Hopp til innhald

Fagstoff

Logg

Ein logg er ei form for dagbok der du skriv ned kva som skjer. Ein logg fører vi vanlegvis kronologisk. Det betyr at vi noterer hendingane i den rekkjefølgja dei har skjedd.
Nærbilete av hendene til nokon som noterer på PC og på papir. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Slik at du arbeide med loggen

Når du skriv logg, skal du prøve å notere ned det du ser, utan at du tolkar synsinntrykka. Det kan vere vanskeleg i starten, men tenk på kva du ser og høyrer reint konkret. For dei som jobbar med barn, kan det vere ferdigheiter og kunnskap som barnet viser for første gong, for dei som jobbar med pasientar, kan det vere opplysningar om helsetilstand, til dømes sjukdommar eller skadar. I tillegg kjem observasjonar av språk, humor og handlemåtar eller andre ting som du meiner er interessante for den vidare utviklinga til brukaren.

Etter at du har beskrive det du faktisk har sett, skriv du ned eigne tankar og refleksjonar. Kva lærte du av dette? Kva erfaringar hadde du frå før? Kva var nytt? Korleis vil du gå vidare i arbeidet med brukaren? Kva mål i læreplanen var relevante? Kva gjorde du bra? osv.

I denne delen skal du skrive ned det du tenkjer og føler, og byggje vidare på det du kan av fagstoff, og på erfaringar du har. Det er slik du opplever situasjonen, og dine tankar og refleksjonar rundt det du beskriv, som skal komme fram i loggen.

Digitale verktøy

Loggar kan skrivast med penn og papir eller ved hjelp av digitale verktøy. Det finst mange gode digitale notatbøker som fungerer på mobil og nettbrett. Det kan vere fint å bruke bilete og videosnuttar i ein logg, men hugs å ta i vare personvernet.

Teieplikt

Det er nødvendig å halde teieplikta, og derfor kan det vere lurt å ha nokre retningsliner for korleis både elevar og lærarar skal behandle loggane. Lærarane har teieplikt, men det er likevel ein god regel å kode namna til dei som er med i loggen, slik at personane ikkje kan kjennast igjen. Det same gjeld når enkelte hendingar eller opplevingar blir tekne opp i klassen. Ver varsam så ikkje teieplikta blir broten. Lærarane har ansvar for å ta ein samtale med eleven om vanskelege forhold som eventuelt kan komme fram i loggen.

Loggen skal oppbevarast så han ikkje er tilgjengeleg for andre enn eleven og faglæraren. Viss ein lærar ønskjer å bruke ein logg i oppgåver eller som framlegg for klassar, skal han ha fått samtykke frå eleven først. Loggen må òg sjølvsagt vere heilt anonymisert.

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Gro Nedberg Grønlid, Trine Merethe Paulsen og Guri Bente Hårberg.
Sist fagleg oppdatert 14.09.2018

Læringsressursar

Fagarbeidar