Opplæring på arbeidsplassen - Yrkesliv i helse- og oppvekstfag (HS-HSF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Opplæring på arbeidsplassen

Når du er fagarbeidar, har du gått minimum tolv år på skole, og du har vore i opplæring i ei bedrift. I løpet av denne tida har du lært mykje, og dette har du dokumentert gjennom eksamenar og ei fagprøve. Men etter at du har begynt å jobbe, er det enda mykje du må lære. Vi må lære heile livet.

Som nytilsett på ein arbeidsplass må du lære deg korleis akkurat denne arbeidsplassen fungerer. Du kan møte rutinar og utstyr som er ulike frå dei du tidlegare har møtt i opplæringa.

Samfunnet er i stadig utvikling, og dette påverkar også arbeidsplassane våre.

Arbeidsmiljølova pålegg at det skal gis opplæring når den ansatte introduserast til ein arbeidsoppgåve for første gong og når arbeidet omorganiserast.

Risikovurdering betyr å vurdere kor sannsynleg det er at ein skade kan oppstå, og kva konsekvensen av skaden kan bli.

Sikker jobbanalyse er ei kartlegging av risikofaktorar knytta til ein bestemt arbeidsoperasjon. Analysen gir oss høve til å ta forholdsreglar ved utføringa av arbeidet.

Arbeidsmiljølova

Arbeidsmiljølova pålegg arbeidsgivar å sørgje for at dei tilsette har fått den nødvendige opplæringa for å kunne utføre arbeidet på ein trygg og sikker måte. Føremålet med påbodet er

  • å sikre at dei tilsette meistrar arbeidet
  • å sikre ein helsefremmande og meiningsfylt arbeidsplass for dei tilsette
  • å unngå ulykker
  • å fremme produktivitet
  • å hindre utstøyting frå arbeidet

Vidare seier arbeidsmiljølova at dei tilsette skal haldast løpande informert om og medverke ved utforming av system som blir brukte ved planlegging og gjennomføring av arbeidet.

Risiko og sikkerheit

Som tilsett skal du altså ha opplæring og løpande informasjon ved tilsetjinga og gjennom heile perioden du er tilsett. Når du skal starte på eit arbeid du ikkje har gjort før, skal arbeidsgivar syte for å gjennomføre ei risikovurdering og ein sikker jobbanalyse som skal avdekkje behovet du har for opplæring.

Ein arbeidstakar som nektar å ta imot opplæring, blir vurdert som ein sikkerheitsrisiko. Dette kan føre til at arbeidsgivar må seie opp arbeidstakaren for å ta hand om sikkerheita.

Service og profesjonalitet

Som profesjonell yrkesutøvar er det viktig at du held deg fagleg oppdatert, slik at du til ei kvar tid kan gi kundar, pasientar og brukarar eit best mogleg tilbod. Dei aller fleste vil i tillegg oppleve jobben som meir meiningsfull dersom dei veit at dei er fagleg oppdaterte.

Utfordringar til deg

  1. Ta utgangspunkt i teksten over og diskuter kva ein meiner med omgrepet livslang læring.
  2. Les om dei ulike yrka innan helse- og oppvekstsektoren og om korleis endringar i samfunnet påverkar yrkesutøvinga. Lag eit tankekart over temaet behov for opplæring av dei tilsette i helse- og oppvekstsektoren.
  3. Intervju ein yrkesutøvar om korleis hans eller hennar arbeidsplass legg til rette for opplæring, og i kva grad han eller ho sjølv tek initiativ til å få opplæring.
  4. Finn dei følgjande paragrafane i arbeidsmiljølova, og diskuter kva dei inneber for den tilsette, og kva dei inneber for arbeidsgivaren:
    • § 1–1
    • § 3–2
    • § 4–2

Relatert innhald

Skrive av Trine Merethe Paulsen og Svenn Dahle.
Sist fagleg oppdatert 03.03.2017