Yrkesliv i helse- og oppvekstfag (HS-HSF vg1)
Felles programfag saman med:Kommunikasjon og samhandling (HS-HSF vg1)ogHelsefremjande arbeid (HS-HSF vg1)
Hjelpemiddel og teknologi
Det finst eit stort utval av hjelpemiddel for personar med forbigåande eller varig funksjonsnedsetjing. Som fagarbeidar må du ha kjennskap til korleis velferdsteknologi og ulike hjelpemiddel fungerer, og korleis brukaren får tilpassa produkt for å meistre dei daglege aktivitetane og gjeremåla sine.
Velferdsteknologi
Velferdsteknologi kan gi auka tryggleik, sikkerheit og aktivitet for personar med behov for helse- og omsorgstenester. Som fagarbeidar må du kjenne til ulike teknologiske hjelpemiddel og kunne vurdere kva moglegheiter velferdsteknologi kan gi brukarar i ulike aldrar og med ulik helsetilstand.