Yrkesliv i helse- og oppvekstfag (HS-HSF vg1)
Felles programfag saman med:Kommunikasjon og samhandling (HS-HSF vg1)ogHelsefremjande arbeid (HS-HSF vg1)
Yrkessituasjonar
Yrkessituasjonar er beskrivingar av ulike situasjonar du skal lære om for å sjå samanhengen mellom teori og praksis. Desse oppgåvene kan vere nyttige for å få innsikt i dei ulike yrka innan helse- og oppvekstfag, og når du skal førebu deg til praksisperiodar.
På jobb som barne- og ungdomsarbeidar
På arbeid som barne- og ungdomsarbeidar skal du vere ein god rollemodell. Du skal jobbe med barn og unge med ulike føresetnader og funksjonsnivå. Du skal leggje til rette for aktivitetar som fremjar god psykisk og fysisk helse.