Hopp til innhald

Yrkesliv i helse- og oppvekstfag (HS-HSF vg1)

Yrkessituasjonar

Yrkessituasjonar er beskrivingar av ulike situasjonar du skal lære om for å sjå samanhengen mellom teori og praksis. Desse oppgåvene kan vere nyttige for å få innsikt i dei ulike yrka innan helse- og oppvekstfag, og når du skal førebu deg til praksisperiodar.

På jobb som aktivitør

Aktivitøren har som oppgåve å motivere og leggje til rette aktivitetar for personar med varige eller mellombelse aktivitetsvanskar. Tiltaka kan vere individuelt tilrettelagte, eller det kan vere aktivitetar for grupper av brukarar.