Hopp til innhald

Yrkesliv i helse- og oppvekstfag (HS-HSF vg1)

Yrkessituasjonar

Yrkessituasjonar er beskrivingar av ulike situasjonar du skal lære om for å sjå samanhengen mellom teori og praksis. Desse oppgåvene kan vere nyttige for å få innsikt i dei ulike yrka innan helse- og oppvekstfag, og når du skal førebu deg til praksisperiodar.

På jobb som apotekteknikar

Som apotekteknikar skal du gi råd til kundane om bruk av reseptpliktige og ikkje-reseptpliktige medisinar. Du skal òg rettleie kundane om dei andre produkta som blir selde på apoteket, og bruken av desse.