Nye bein å stå på - Yrkesliv i helse- og oppvekstfag (HS-HSF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Nye bein å stå på

Som ortopediteknikar vil du møte menneske med behov for ortopediske hjelpemiddel tilpassa dei individuelle behova og livssituasjonen deira. I denne oppgåva vil du få meir innsikt i kva yrket inneber, og kva eigenskapar ein må ha i jobben som ortopediteknikar.

Som ortopediteknikar må du ha gode kunnskapar om oppbygginga og funksjonen til kroppen. Du må òg vere kreativ og praktisk anlagt, i tillegg til at du må ha teknisk innsikt. Evne til kommunikasjon og samarbeid er naudsynt fordi du ofte vil møte menneske i krise etter store omveltingar i livet.

I dokumentaren Nye bein å stå på frå NRK møter du Gry Hege på 46 år som vart akutt sjuk og måtte amputere både hender og føter på grunn av blodforgifting. Dette førte til store endringar i livet for både ho og familien. Sjå filmen og svar på oppgåvene.

Oppgåver

  1. Korleis blir livssituasjonen til Gry Hege påverka av at ho brått blir livstrugande sjuk og mistar hender og føter?
  2. Kva for nokre praktiske utfordringar møter ho ved bruk av protesane?
  3. Finn døme på korleis desse utfordringane påverkar livskvaliteten hennar når det gjeld

    1. fysisk og psykisk helse
    2. sosialt liv og familieliv
    3. kreativitet og aktivitet
    4. andre forhold
  4. Diskuter i klassen:
    1. Korleis kan riktig tilpassa hjelpemiddel fremje helse og livsmeistring?
    2. Kvifor er det viktig at ortopediteknikaren lyttar og tek omsyn til ønska og behova til pasienten i tilpassinga av hjelpemiddel?
  5. Søk på internett og finn ut kvar ditt næraste ortopeditekniske senter er. Bruk nettsida deira eller ta kontakt for å finne ut:

    1. Kva yrkesgrupper jobbar der?
    2. Kva tenester tilbyr dei?
    3. Korleis er moglegheita for å vere lærling der?
Skrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 18.01.2024