Hopp til innhald
Film og filmklipp

Ortopediteknikar

Ortopediteknikaren arbeider med produksjon, tilpassing og vedlikehald av ortopediske hjelpemiddel. I denne filmen møter du ein ortopediteknikar som fortel om utdanninga, arbeidsoppgåver og eigenskapar ein treng i yrket.
Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-SA 4.0

Ortopediteknikaren samarbeider med ortopediingeniøren og med pasientar, pårørande og helsepersonell for å framstille protesar og andre ortopediske hjelpemiddel. Som ortopediteknikar treng du teknisk innsikt og god formsans, men høg kunnskap om anatomi og gode kommunikasjonsferdigheiter er også viktig i dette yrket.

Utfordringar til deg

Sjå filmen og bruk lenkjene under til å svare på desse spørsmåla.

  1. Korleis er det ordinære utdanningsløpet for å bli ortopediteknikar?
  2. Kva for eigenskapar er naudsynte i dette yrket?
  3. Kva er vanlege arbeidsoppgåver for ein ortopediteknikar?
  4. Kva for moglege arbeidsstader kan du finne for ein ortopediteknikar?
  5. Kvifor er det viktig å tenkje på ergonomi og HMS i jobben som ortopediteknikar?

Relatert innhald

CC BY-SA 4.0Skrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 03.03.2020