Hopp til innhald

Yrkesliv i helse- og oppvekstfag (HS-HSF vg1)

Yrkessituasjonar

Yrkessituasjonar er beskrivingar av ulike situasjonar du skal lære om for å sjå samanhengen mellom teori og praksis. Desse oppgåvene kan vere nyttige for å få innsikt i dei ulike yrka innan helse- og oppvekstfag, og når du skal førebu deg til praksisperiodar.

På jobb som fotterapeut

Som fotterapeut vil du møte kundar som treng behandling og rettleiing i samband med fotproblem, skotøy eller gangmønster. Andre ønskjer fotpleie for velvære, eller dei vil førebyggje problem med føtene.