Modell for kostnad, inntekt og overskot
Ei bedrift produserer einingar av ei vare per dag. Funksjonen gitt ved
viser kostnadene (kroner) ved produksjon av einingar.
Bedrifta kan maksimalt produsere 200 einingar per dag. Dei produserte einingane blir selde for 45 kroner stykket. Inntektene er då gitt ved
Overskotet er differansen mellom inntekter og kostnader, og overskotet er derfor gitt ved
Nedanfor har vi teikna grafane av og , og vi har markert nokre punkt.
Skjeringspunkta og mellom grafane av og viser at kostnadane er like store som inntektene ved produksjon av 12 einingar og ved produksjon av 168 einingar. Overskotet er då lik null, og grafen av har derfor nullpunkt for og .
Ved produksjon av mindre enn 12 einingar eller fleire enn 168 einingar er kostnadene større enn inntektene, og overskotet er negativt. Bedrifta taper pengar.
Grafen til har toppunkt . Bedrifta når maksimalt overskot ved å produsere 90 einingar per dag. Overskotet per dag er då 1 525 kroner.