Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forsøk: Viskositet

Viskositet handlar om kor lett eller vanskeleg ei væske har for å bevege seg. I dette forsøket skal du undersøke viskositeten til ulike typar olje.
Motorolje blir helt frå ei kanne. Foto.

Hensikt

Viskositet handlar om kor lett eller vanskeleg ei væske har for å bevege seg. Væsker som er tjuktflytande, har høg viskositet.

Døme: Når du skal helle honning, kan det ta lang tid, mens viss du heller olivenolje, går det fort. Honning har høg viskositet fordi det er vanskeleg å få ho til å bevege seg.

I dette forsøket skal du undersøke viskositeten til ulike oljar.

Om viskositet

Vi kan altså beskrive væsker ved å seie kor høg eller låg viskositet dei har, men ofte har vi behov for å vere meir presise. Derfor finst det standardiserte system gjer at vi kan talfeste viskositeten. Dette er til dømes viktig når vi skal velje kva motorolje vi skal bruke. Standarden SAE (av Society of Automotive Engineers) er mykje brukt.

SAE-standarden for viskositet

Viss du har fylt motorolje på ein motor, har du kanskje lagt merke til kombinasjonen av tal og bokstavar på etiketten? Ein motorolje kan til dømes vere merkt med 10W–30. Dette er ei beskriving av viskositeten til oljen med SAE-systemet:

  • Den første delen består av ein talverdi og bokstaven "W". W står for "winter" og seier noko om kor flytande oljen er ved start i låge temperaturar. Skalaen går frå 0W til 25W. 10W betyr at oljen er nokså tyntflytande ved låge temperaturar.

  • Det bakarste talet seier noko om kor flytande oljen er ved høge temperaturar. Denne skalaen går frå 0 til 60.

Kanner med motorolje står på ei hylle. Dei har ulik SAE-merking. Foto.

Framgangsmåte

Plastpipettar med gulaktig væske festa til stativ over begerglas. I bakgrunnen står kanner med ulike motoroljar. Foto.
  1. Lag ein hypotese på førehand. Kva olje vil flyte lettast, og kva er seigast?

  2. Set opp stativ med muffe og klemme, slik at klemma held pipetten på plass.

  3. Plasser eit begerglas under pipetten for å fange opp oljen som dryp frå han.

  4. Fyll pipetten med olje. Set ein strek med sprittusj for å markere oljenivået. Du bruker denne pipetten til dei andre oljane etterpå òg, og dette er mengda olje du skal ha i pipetten ved start.

  5. Plasser pipetten forsiktig slik at han ligg oppi muffa utan at olje blir pressa ut av pipetten.

  6. Punkter pipetten ved å forsiktig lage eit lite snitt øvst.

  7. Ta tida det tek før oljen har runne ut av pipetten. Det kan det vere vanskeleg å få ut all oljen, så det kan òg vere lurt å setje ein strek med tusj til eit "nedre oljenivå" som er akseptabelt å ha igjen.

  8. Skriv resultata i ein tabell.

  9. Gjenta punkt 4–7 med dei andre oljane.

Resultat og spørsmål

  1. Vart resultata som forventa? Kommenter.

  2. Kva væske hadde høgast viskositet? Korleis veit du det?

  3. Kva væske hadde lågast viskositet? Korleis veit du det?

  4. Kva feilkjelder kan det vere i dette forsøket?

  5. Korleis vil temperaturen påverke viskositeten til oljane? Korleis kan de gjennomføre eit forsøk der de skal finne ut av dette?

  6. Undersøk kva oljetypar som er tilrådde i ulike motorar de har på skulen. Lag ei oversikt der du har med oljetype, SAE-verdiane, forklaring på SAE-verdiane og bruksområde.

  7. Du jobbar på ein butikk som sel bilrekvisita. Ein kunde skal kjøpe olje til bilen sin og lurer på om du kan tilrå ein olje. Kva gjer du?

  8. Korleis trur du ein tjuktflytande olje påverkar ytinga til ein bensinmotor?

  9. Kva er døme praktiske bruksmåtar av viskositet i kvardagen eller i industrien?

Kjelder

Castrol. (u.å.). Viskositetsgrader for motorolje. Henta 14. februar 2024 frå https://www.castrol.com/no_no/norway/home/products/our-brands/viscosity-grades.html

Fooladi, E. C. og Fiskum, K. (2021). Hvor flytende er ulike matoljer? Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (2/21), 24–25. Naturfagsenteret. https://www.naturfag.no/binfil/download2.php?tid=2342101

Helseth, L. E. (2023, 11. september). Viskositet. I Store norske leksikon. https://snl.no/viskositet

CC BY-SASkrive av Hildegunn Moland og Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 06.02.2024

Læringsressursar

Organiske stoff