Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Utforsk kjelder til ulike vitamin

Med unntak av vitamin D kan ikkje kroppen lage vitamin sjølv. Vi må derfor få i oss dei fleste vitamina gjennom maten vi et. Ved hjelp av smak skal de i denne oppgåva utforske kjelder til ulike vitamin.
Kollasj som viser eit breitt utval av frukt, bær og grønsaker. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Føremål

Mange unge har eit einsformig kosthald som inneheld lite frukt og grønsaker. Gjeld dette deg? Eit einsformig kosthald gjer at du ikkje får i deg alle næringsstoffa kroppen din treng, og det vil over tid redusere viktige funksjonar i kroppen din. Å utforske gode kjelder til ulike vitamin kan vere eit nyttig hjelpemiddel for å prøve ut nye matvarer og bli klar over næringsinnhaldet i matvarene. Dessutan kan det kanskje føre til at du et meir frukt og grønsaker framover?

Førebuingar – lærar

Kjøp inn eit breitt utval av frukt, bær, nøtter og grønsaker, slik at du får med gode kjelder til alle vitamina. Kjøp hovudsakleg inn matvarer som det er lett å få tak i på lokalbutikken, og som kan etast rå. Men kjøp gjerne inn nokre meir eksotiske variantar òg.

Del opp matvarene i små porsjonar, slik at dei fungerer godt som smaksprøver til elevane.

Forslag til smaksprøver:

Appelsin, jordbær, pasjonsfrukt, gulrot, banan, drue, kiwi, mandlar, hasselnøtter, eple, pære, rips, blåbær, vassmelon, molter, tomat, spinat, blomkål, brokkoli, morellar, blodappelsin, solbær, tørka frukt, stongselleri, kålrot, rucola, nepe, bringebær, paprika, avokado, nyper, persille, granateple, bjørnebær, fiken, honningmelon, sitron, sukkererter, oliven, persimon, physalis, stikkelsbær, mango, ananas, pitahaya, papaya, reddik.

Utforsk

  1. Vel ei smaksprøve du veit at du liker. Lukk auga, og kjenn etter korleis smaken er. Beskriv smaken med tre ord.
  2. Vel ei smaksprøve du ikkje har prøvd før, og gjer det same som på trinn 1.
  3. Lag ei oversikt over alle smaksprøvene. Systematiser kva vitamin kvar smaksprøve inneheld, og kva funksjon kvart vitamin har i kroppen din.
  4. Utforsk flest mogleg av smaksprøvene. Var det nokon smakar som overraska deg?
  5. Finn døme på korleis du i kvardagen kan få dekt alle vitamina i kosthaldet ditt.

Ein tommelfingerregel for å få i seg ei passe mengd vitamin er å ete så fargerikt som mogleg kvar dag.

CC BY-SASkrive av Camilla Øvstebø .
Sist fagleg oppdatert 28.09.2020

Læringsressursar

Næringsstoff