Hopp til innhald

Verktøy og mal

Rapportmal

Ein forsøksrapport skal innehalde det som er nødvendig for at lesaren skal forstå korleis forsøket er utført, og kva konklusjonar som er trekte på kva grunnlag. Det skal vere mogleg å attskape forsøket ut frå skildringa.

Rapportmal

I denne rapportmalen kan du aktivere punkt for punkt i ein kort døme-rapport. Når du peiker på innhaldslista i rapporten, kan du lese ei kort forklaring på kva kvart avsnitt i rapporten skal innehalde.

Oppbygging av rapport

Rapportmalen blir bygd opp med ulike avsnitt. Her har vi prøvd å skildre dei, både med tekst og døme.

Tittel

Dette feltet skal gi informasjon om kva rapporten handlar om, og kven som har skrive han. Fyll inn namnet ditt, klassen du går i, og når forsøket blei utført. Lag ei kort og presis overskrift.

Per Nilsen, 2 STUB
Dato: 20. september 2022

Vitalkapasitet

Hensikt

Skriv inn kva som er hensikta med forsøket.

Hensikta med dette forsøket er å måle vitalkapasiteten, som går på kor mykje luft ein klarer å presse ut av lungene etter maksimal innanding. I dette forsøket skal vi nytte eit spirometer. Det er eit apparat som måler mengda luft som blir pusta ut.

Bakgrunnsteori

Ta med teoristoff som er relevant for forsøket, og som gjer at ein forstår det. Teoristoffet kan du finne i læremiddel og faglitteratur og på nettstader som har informasjon du kan stole på.

Det maksimale volumet luft ein person kan puste ut, blir kalla vitalkapasiteten, VC, og det er summen av tidevolumet... [meir teori]... Spirometer er eit apparat som måler dei vanlegaste lungevoluma.

Hypotese

Kva for ei kvalifisert gjetting vil du gjere når det gjeld resultatet av forsøket?

Eg trur at menn har større vitalkapasitet enn kvinner.

Utstyr

Lag ei liste over utstyr og kjemikal som blei nytta.

Spirometersensor tilkopla pc.

Risikovurdering

Før du gjennomfører eit forsøk, skal du gjere ei risikovurdering. Det betyr at du skal vurdere moglege farar ved å gjere forsøket og førebu deg på kva du skal gjere viss noko går gale. Skriv ei kort oppsummering av risikovurderinga du gjer, og ta ho med i rapporten din.

Det kan vere nyttig å lese artikkelen Risikovurdering av forsøk – ein vegvisar.

Metode

Beskriv det som blei gjort. Skriv gjerne punktvis, sidan det gir god oversikt. Forsøket skal vere så detaljert skildra at ein som ikkje har vore med på det, kan utføre det ved å følge skildringa di. Unngå likevel det som er sjølvsagt, til dømes at du henta eit begerglas frå skapet og tok det med til plassen din. Ei teikning, figur eller fotografi av forsøksoppsettet bør òg vere med.

Du finn verktøy for å lage figurar og forsøksoppsett på nettsida chemix.org.

  • Etter maksimal innanding blei det pusta ut gjennom spirometeret som var tilkopla ein pc der resultata blei registrert.
  • Resultata blei noterte. Kvar testperson gjentok dette to gonger.

Resultat og observasjonar

Beskriv det du så, høyrde, lukta og følte. Viss du gjorde målingar, må du presentere desse på ein oversiktleg måte, gjerne i ein tabell eller som ei grafisk framstilling. Lag teikningar av observasjonar i mikroskop eller lupe, eller ta fotografiar.

Linjediagram med to linjer som viser kor stort volum luft gutar og jenter klarer å puste inn. Diagram.

Vitalkapasitet (l):
Gjennomsnitt gutar: 4,78
Gjennomsnitt jenter: 3,92

Drøfting og feilkjelder

Drøftinga er kanskje den viktigaste delen av rapporten. Her skal du sjå kritisk på resultata dine og vurdere om dei er til å stole på. Du skal ta med drøftingar og forklaringar på det du har målt og observert. Beskriv alle moglege feilkjelder, forklar korleis dei kan ha påverka observasjonane du gjorde, og vurder om dei er store eller små.

Resultata kan vere påverka av ulik teknikk under testen: luftlekkasje rundt munnstykket eller ufullstendig inn- og utblåsing. Ujamn fordeling av godt trena personar i gruppene kan òg påverke resultatet.

Konklusjon

Når du trekker konklusjonar, må du vende tilbake til innleiinga. Ta utgangspunkt i det du har skrive der om hensikta med forsøket, og hypotesen din.

Resultata støttar hypotesen om at menn i snitt har større vitalkapasitet enn kvinner. Menn har større lunger enn kvinner og derfor òg større kapasitet.

Kjelder

Lag ei kjeldeliste der du gir opp alle kjeldene du har nytta. Det finst fleire standardiserte måtar for korleis du gjer dette. APA-stilen er ein måte som er mykje nytta.

Eit nyttig hjelpemiddel for å føre kjelder korrekt etter APA7 er nettsida kildekompasset.no.

Bjålie, J. G. Haug, E. Sand, O. & Sjaastad Ø. V. (2018). Menneskekroppen. Gyldendal Akademisk.

Skjønsberg, O. H. (2022, 14. februar). Vitalkapasitet. I Store medisinske leksikon. https://sml.snl.no/vitalkapasitet

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Bjørg E.B. Aurebekk, Kristin Bøhle og Ragnhild Baglo. Rettshavar: Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 25.02.2020

Læringsressursar

Utforsking, risiko og rapport