Hopp til innhald
Øving

Film- og klippeøvingar: parallellklipping

Ved å klippe mellom to ulike hendingar i ein film kan du auke spenninga. Øv deg i spenningsoppbygging!

Parallellklipping

Parallellklipping er ein redigeringsteknikk der du klipper fram og tilbake mellom to eller fleire hendingar. Desse hendingane skjer gjerne samtidig, men karakterane er ikkje nødvendigvis på same stad. Spenningsmomentet kan vere kva som skjer når karakterane møtest – eller om dei vil møtast i det heile.

Gjennom parallellklipping får vi som publikum tilgang til meir informasjon enn karakterane. I den eine scenen følgjer vi til dømes mordaren, medan vi i neste scene ser kva offeret held på med. Slik blir spenninga i filmen forsterka. Parallellklipping er mykje brukt i action- og krimscenar.

Filmmateriale til klippeøving 1. Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-SA 4.0

Klippeøving 1: Å byggje spenning

No skal du øve deg i parallellklipping!

  1. Start med å laste ned filmmaterialet om kvinna og den mystiske personen i skogen. Du finn det nedlastbare innhaldet ved å klikke på "Regler for bruk". Finn deretter "Video", og trykk på "Last ned".
  2. Importer filmmaterialet i eit redigeringsprogram og set opp eit nytt prosjekt med namnet "Klippeøving 1".
  3. Filmmaterialet består av mange ulike klipp. Sjå gjennom det fleire gonger, slik at du blir godt kjend med det.
  4. Set saman bilda slik at du parallellklipper mellom kvinna i skogen og den mystiske personen. Forsøk å lage ein spennande film ut av materialet. Kva går føre seg i skogen? Er kvinna i fare? Viss ja – korleis forsterkar du kjensla av uhygge?
  5. Tenk at denne scenen skal vere med i ein film. Vel sjanger og legg på passande musikk og lydeffektar. Vis gjerne fram resultatet i klassen.

Klippeøving 2: A møter B

I denne øvinga skal du filme at to personar møtest. Det skal skje noko i dette møtet – du bestemmer kva. Men før personane møtest, må du byggje opp ei spenning. Det gjer du ved å parallellklippe mellom personane.

Pass på at personane til å byrje med er på heilt ulike stader.

Du kan godt jobbe saman med andre, men alle skal redigere kvar sin versjon.

  1. Planlegg opptak av handlinga ved å teikne eit storyboard av kvart bilde. Tenk gjennom spenningsoppbygginga: Kva relasjon er det mellom dei to personane? Kvar er dei på veg? Kva skjer i møtet? Kva kan ha skjedd i forkant? Kva slags stemning er personane i?
  2. Ta ulike utsnitt og perspektiv under opptak. Det kan vere lurt å filme nokre totale bilde der de startar og sluttar med tomt bilde. Då blir det lettare å klippe saman dei ulike delane. Hugs at bildeutsnitta ikkje må vere for like. Då vil de få jump cut, det vil seie eit hopp i klippinga. Under opptak må de òg passe på at personen har rom i den retninga vedkommande ser eller rører seg. Dette kallar vi luft i blikk- og rørsleretning.
  3. Når de er ferdige med opptaka, klipper kvar av dykk saman sin eigen versjon av handlinga, minst sju klipp. Tenk at scenen skal vere med i ein film. Vel ein sjanger og legg på musikk som passar.