Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Film- og klippeøvingar: blikkpunkt

Dersom du vil skape god flyt i filmen din, må du hugse å klippe på blikkpunktet. Her er ei øving som kan hjelpe deg å lære dette.

Kva meiner vi med blikkpunkt?

Blikkpunktet er den personen eller gjenstanden i bildet som blikket vårt fokuserer på når vi ser levande bilde på ein skjerm. Medviten bruk av blikkpunkt skaper gode overgangar i ein film og kan gjere det lettare for publikum å leve seg inn i filmen. Å klippe på blikkpunkt betyr at personar eller gjenstandar som fangar blikket, blir plasserte på same stad i bilderuta både i bildet før og i bildet etter klippet.

I videoen over ser du korleis plasseringa av motivet (vassflaska) påverkar flyten i scenen. Klarer du å behalde blikkpunktet på same stad i to bilde som følgjer etter kvarandre, vil auget raskt finne att motivet, og klippet vil opplevast som mjukt.

Når vassflaska blir plassert lenger uti bilderamma, opplever vi det som eit hopp i redigeringa. Nokre gonger er det kanskje nettopp denne effekten du vil skape: Du vil understreke at det skjer eit skifte. Men i denne øvinga skal du faktisk øve på det motsette: Du skal skape glidande overgangar mellom bilda ved å behalde det same blikkpunktet frå eitt klipp til eit anna.

Ei kvinne siktar med ein pistol. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Klippeøving: Frå A til Å med fokus på blikkpunkt

Jobb i små grupper. De skal filme ein person som ber ein pose frå éin stad til ein annan. Posen skal overleverast til ein annan person i løpet av gåturen. De bestemmer sjølv kvar personen skal gå, og kven hen skal møte.

  1. Planlegg opptak av handlinga ved å skissere eit enkelt storyboard av kvart bilde. Øvinga går ut på å tenkje blikkpunkt frå bilde til bilde, slik at de får god flyt i filmscenen. Tenk gjennom korleis de kan filme overleveringa av posen utan at de får nokon hopp i redigeringa.
  2. Film personen med posen på ulike stader. Varier utsnitt og perspektiv, og ver nøyaktige når de gjer opptak, for då blir det lettare å få til mjuke overgangar når de skal redigere. Tips: Start og avslutt med eit tomt bilde når de gjer opptak. Pass på at personen går i riktig retning og har luft i rørsleretninga i alle bilda.
  3. Når opptaka er ferdige, redigerer alle i gruppa kvar sin versjon av handlinga.
  4. Lag ein scene med minst fire klipp. Tenk at scenen skal vere med i ein film. Vel filmsjanger og legg på musikk som passar.
  5. Spel av ein ferdig klipt scene i klassen. Utfordre nokon i klassen til å peike på klipp som tek i vare blikkpunktet.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 04.09.2020

Læringsressursar

Innføring i filmproduksjon