Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Film- og klippeøvingar: kontinuitetsklipping

Vil du bli god til å redigere film? Då bør du øve på kontinuitetsklipping. Kontinuitetsklipping handlar om å skape usynlege og mjuke overgangar mellom bileta dine. Her er to oppgåver der du kan øve deg i å setje saman mjuke klipp.

Ser vi bort frå nokre typar montasje, er kontinuitetsklipp den vanlegaste forma for klipping. Formålet er å gjere klippet så "usynleg" som mogleg.

Reglar for kontinuitetsklipping

  • Det skal vere ei veksling mellom ulike typar biletutsnitt når du skildrar ei samanhengande scene.

  • Regissøren kan velje mellom ulike typar klipp. Éi moglegheit er klipp på blikkpunkt: Personar eller gjenstandar som fangar blikket, blir plasserte på den same staden i biletruta, både i biletet før og i biletet etter sjølve klippet.

  • Det er òg vanleg med klipp i rørsler. Då legg du klippet midt i ei rørsle (anten ei kamerarørsle eller ei rørsle i biletet).

  • Klipp i overgangar er ei tredje moglegheit. Eit døme på dette er at klippet blir gjennomført når ein person går ut av ei dør og kjem inn gjennom ei annan.

Sjå døme på kontinuitetsklipp i denne videoen frå NDLAs videoprodusent Jarle Sten Olsen: "Klippeøving. Å klippe i rørsle".

Klippeøving 1: Å klippe i rørsle

No skal du bruke det same filmmaterialet og lage di eiga "tenne-opp-bål-scene" med mjuke klipp og kontinuitet.

Du kan kopiere videodømet over bilete for bilete, eller du kan bruke det som inspirasjon. Hugs at det finst mange løysingar når du klipper saman eit opptak. Du treng ikkje bruke alle bileta. Det viktigaste er at sjåaren forstår kva som skjer, og at det fungerer klippemessig.

Slik gjer du

  1. Last ned filmmaterialet av kvinna som skal fyre opp bålpanna. Klikk på "Reglar for bruk" for å finne ut korleis du lastar ned innhald frå NDLA.
  2. Importer bileta i eit passande redigeringsprogram.
  3. Klipp saman dei ulike bileta til ei lita scene, frå kvinna tenner opp til bålet brenn. Du skal velje klippepunkt og følgje rørsla slik at klippa dine blir mjuke og usynlege. Tenk over: Kva bilete startar du med? Kvar i rørsla bør du klippe for å få ein mjuk overgang? Prøv deg fram og utforsk ulike klippemoglegheiter.
  4. Lag gjerne fleire versjonar av scena. I éin versjon kan du prøve å gjere scena så kort som mogleg, utan at ho mistar meining eller får merkbare klipp.
  5. Finn ein medelev og vis kvarandre klippeversjonane dykkar. Studer scenene til kvarandre: Kva er likt, kva er ulikt? Kva klipp i rørsle er de mest fornøgde med? Vurder i kva grad de klarte å skape mjuke klipp. Kva lærte de av øvinga?



    Her finn du filmmaterialet:

Klippeøving 2: Å klippe ein situasjon

Jobb i små grupper. No skal de filme og redigere ei ny scene. De kan velje ein av desse situasjonane eller finne på noko tilsvarande:

Eldre dame snublar i eit golvteppe. Foto.
  • Ein person kjem gåande inn i biletet, snublar, knyter skolissa si og går ut av biletet.
  • Ein person kjem gåande inn i biletet, mistar ein ting, tek opp tingen og går vidare ut av biletet.

Planlegg opptak av handlinga. De skal bruke to ulike kamerainnstillingar.

  1. Teikn eit enkelt storyboard før de byrjar å filme. Hugs å la læraren sjå gjennom og godkjenne storyboardet før de startar opptak.
  2. Gjer først opptak av heile handlinga i eit totalt bilete. I eit totalt utsnitt får vi sjå heile motivet.
  3. Gjer eit opptak der personen går inn i biletramma og deretter ut av biletet. Å starte og avslutte med eit tomt bilete er ein enkel og effektiv metode for å få usynlege klipp.
  4. I neste steg filmar de nøyaktig den same handlinga, men frå ein ny biletvinkel og i eit anna biletutsnitt. Viktig: Biletutsnitta må ikkje vere for like, for då vil de få jumpcuts (klipp utan kontinuitet). Når de gjer opptak, må de passe på at personen som blir filma, har rom i den retninga vedkomande ser eller beveger seg. Dette kallar vi luft i blikk- og rørsleretning.
  5. Når de er ferdige med filminga, redigerer alle i gruppa kvar sin versjon av handlinga. Målet er å klippe i rørsla så de får mjuke og fine klipp. Lag gjerne fleire klippeversjonar av den same rørsla.
  6. Alle viser fram ei av dei ferdig redigerte scenene for dei andre i klassen og får tilbakemelding. De kan godt gi kvarandre terningkast på redigeringa. Terningkast 1 betyr at redigeringa var for brå og synleg, mens terningkast 6 blir gitt til dei som klarte å skape mjuke og usynlege overgangar mellom klippa.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 11.05.2021

Læringsressursar

Innføring i filmproduksjon