Hopp til innhald

Fagstoff

Aksar og aksebrot

Tenk kontinuitet når du gjer opptak. Unngå aksebrot når du filmar ein dialog. Ha alltid kamera på same sideaav 180-gradarsaksen. Pass på at personen eller objektet rører seg i same retning også i neste bilete.

Denne videoen er laga av ungdomsbedrifta Røver UB ved Elvebakken vidaregåande skule på bestilling frå NDLA.

Kontinuitet er viktig

I klassisk klipping ønskjer vi at det skal vere kontinuitet mellom klippa. Kontinuitet betyr at den som ser filmen, opplever at det er ein samanheng mellom dei ulike bileta. Det må vi ta høgde for når vi vel kameraposisjon.

180-gradarsregelen

Når to personar snakkar saman, ønskjer vi å vise at dei ser på kvarandre. Då må den eine karakteren sjå mot venstre i biletet og den andre mot høgre. Vi kan tenkje oss at det er ein akse mellom dei to karakterane. Kamera må alltid vere på den same sida av denne aksen.

Modellen viser korleis to kamera er plassert på to ulike måtar for at det ikkje skal skje noko aksebrudd i klippen av to filmklipp i ein dialog mellom to menneske.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ein tradisjonell måte å filme ein dialog på er å plassere kamera i ein tretti gradars vinkel i høve til aksen. Først filmar du replikkane som den eine karakteren kjem med, gjennom heile sekvensen frå ein kameravinkel. Deretter skifter du kameravinkel og filmar den andre karakteren. Men hugs at kamera alltid må stå på same sida av aksen. Flyttar du kameraet over på andre sida av aksen, vil det sjå ut som om personane ser i same retning.

illustrasjon som viser effekten av aksebrudd.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Rørsleretningar og aksar

Rørsleretningar fører også til at vi får ein akse. Dersom ein person kjem inn i biletet frå venstre og går mot høgre, og i neste bilete går frå høgre til venstre, opplever vi som publikum det som om personen har snudd. Dersom du ønskjer å gå over aksen, kan du legge inn eit nøytralt bilete som ikkje viser blikk- eller rørsleretning. Det nøytrale biletet kan også vere teke opp på sjølve aksen, ved at personen kjem rett mot kamera.

Aksebrot som verkemiddel

Enkelte gonger kan det likevel vere rett å bryte 180-gradarsregelen. Enkelte filmskaparar, som den franske nybøljeregissøren Godard, braut medviten aksen enkelte stader i filmen Til siste andedrag for å skape distanse og vise at dette var film, ikkje røyndom. Ein kan også bruke aksebrot til å illustrere den mentale tilstanden til ein av karakterane i filmen.

CC BY-SASkrive av Sissel Stokkedal.
Sist fagleg oppdatert 29.12.2017

Læringsressursar

Innføring i filmproduksjon