Eit velkjent tips for å bli ein proffare medieprodusent er å studere uttrykket til profesjonelle skaparar. Derfor kan du lære mykje av å attskape ein eksisterande videoproduksjon. I dette arbeidsoppdraget skal du kopiere ein reklamefilm som du finn på internett.
For å få eit godt resultat må du jobbe nøyaktig med
kamera
lys
lyd
redigering
Om reklamefilm
Reklamefilmar er filmar som marknadsfører eit bestemt produkt eller varemerke. Ein reklamefilm er oftast 20–45 sekund lang, og han blir helst brukt til å gi produktet ein klar og eintydig profil. Reklamefilmar eignar seg mindre til utdjupande informasjon, men dei blir likevel òg brukte av ideelle organisasjonar og til å informere frå statlege og lokale styresmakter.
Kjelde: Svendsen, T.O., Pihl, R. (2019). Reklamefilm. Store norske leksikon. Henta 28. april 2021 frå https://snl.no/reklamefilm
Originalen versus kopien
Oreo
Tine Norvegia
YouTube: "Lærerinnen" – Noen forhold varer livet ut. Reklamefilm for Tine Norvegia, original versjon.
YouTube: 3MKAs versjon av "Lærerinnen" (Erlend Lundvall). Kopi av reklamefilm for Norvegia.
Slik gjer du
1. Finn reklamefilmen
Leit på nettet og finn ein reklamefilm som du vil kopiere. Det kan vere ein produktfilm eller ein haldningsskapande reklamefilm.
Målet er at filmen skal lagast så lik originalen som praktisk mogleg. Finn derfor ein film som du tenkjer det er mogleg å gjennomføre.
Tips: Det er lurt å velje ein kort film, til dømes mellom 20–30 sekund.
2. Preproduksjon
Sjå på reklamefilmen sekund for sekund, og teikn storyboardet. Få med riktig utsnitt og perspektiv. Skriv gjerne notat i margen.
Finn location, rekvisittar og skodespelarar. Bruk gjerne medelevar, familie og venner som skodespelarar.
Lag ein produksjonsplan. Du skal produsere alt innhaldet sjølv, men du kan godt samarbeide med andre om opptaka.
Filer
3. Produksjon
Under opptak kan det vere greitt å ha originalfilmen lett tilgjengeleg på ein skjerm, slik at du kan sjekke at du har riktige innstillingar og komposisjonar.
Sørg for at du har gode lysforhold, og bruk kamerastativ for å få betre bilete.
Ta deg god tid! Viss kopien skal bli like god som originalen, må du vere tolmodig og nøyaktig i denne fasen.
4. Etterarbeid og framsyning
Klipp saman bileta i same rekkjefølgje som originalen. Det kan vere utfordrande å finne like lydar og musikk, så her må du vere kreativ.
Leit etter lydeffektar og musikk på internett, eller spel inn eigne lydar.
Den ferdige reklamefilmen blir eksportert i eigna format og blir vist fram i klassen.
5. Eigenvurdering
Kan du svare ja på desse utsegnene, har du gjort svært bra arbeid:
Eg har gjort grundig førearbeid (mellom anna laga storyboard og produksjonsplan).
Filmen min er lik originalen når det gjeld utsnitt, perspektiv, rekvisittar, klede, klipperytme, og så vidare.
Filmen min verkar som eit heilskapleg ferdig produkt, med god kvalitet både estetisk og teknisk.