Introduksjon
Hemmelegheita bak gode fotografi treng ikkje vere dyrt utstyr eller kompliserte tekniske løysingar. Å ta gode bilete handlar først og fremst om å kunne sjå motiv og finne den komposisjonen som framhevar motivet på best mogleg måte.
Når du har gjennomført denne læringsstien, skal du kunne
- fem grunnleggjande komposisjonsprinsipp innan foto: tredelsregelen, linjeføringar, forenkling og eliminering, rytme, og innramming
- finne att fem prinsipp i bilete andre har laga, og seie kva dei uttrykkjer
- bruke desse fem prinsippa i ditt eige arbeid