Medieuttrykk 1
Felles programfag saman med:Mediesamfunnet 1
Leier til:Medieuttrykk 2
Kreativitet, produksjon og prosess
I dette emnet lærer du om kreative og produktive arbeidsprosessar. Du vil utvikle idéar, dokumentere og kvalitetssikre produksjonsprosessar og jobbe med utforskande medieproduksjon for tenkte og reelle oppdragsgivarar.
Klar, ferdig, kreativ!
Korleis kan du vere kreativ på bestilling? Å arbeide fram ein god idé er halve jobben. Det gjeld for journalistar, reklamefotografar, grafiske designarar, filmskaparar, spelutviklarar og webdesignarar. Øv deg på idéutvikling med "Klar, ferdig, kreativ!".