Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lag ein YouTube-video

I denne øvinga skal du få prøve deg som youtubar. Målet ditt er å nå mange brukarar og lage god stemning.

Introduksjon

Start med å sjå videoane om produksjonsprosess og personleg forteljeteknikk på YouTube, med Victor Sotberg, Kim Køste, Truls Valsgård og Beatriz Cardoso Neves.

Video 1: Youtubarar om produksjonsprosessen

Video 2: Youtubarar om personleg forteljeteknikk

Oppgåva

Leik youtubarar! Gå saman med eit par andre, og lag ein kort YouTube-video som fengjer og underheld ei bestemd målgruppe. De vel sjølv målgruppe og kva slags type video de vil lage. Nokre moglegheiter kan vere:

  • personleg videoblogg retta mot ungdomsskuleelevar

  • skjønnheitstips til menn over femti

  • gaming for syttiåringar

  • tullevideo eller utfordring/konkurranse som kan treffe ei brei målgruppe

Forarbeid

Jente med rosa hår og rosa genser speler inn ein film med seg sjølv i. Foto.

Når de har bestemt dykk for målgruppe og kva slags video de vil lage, må de gjere research. Studer videoane til ulike youtubarar, og bli inspirert av uttrykket og innhaldet deira. Korleis er kamerabruken? Lyden? Klippa? Blir det brukt grafiske element for å forsterke bodskapen? Ta notat, og kopier stilen.

Når ideen er klar, kan de planleggje opptak. Skisser eit enkelt storyboard og lag ein opptaksplan i fellesskap.

Produksjon

Samarbeid om alle opptaka. Følg planen, og snakk saman om kven som gjer kva.

Etterarbeid

Alle lastar opp filene og klipper sin eigen versjon av opptaket. I redigeringsfasen kan de leggje på tekst og grafiske element som forsterkar forteljemåten dykkar, til dømes piler og fargerike overskrifter.

Finn lydeffektar og musikk som de kan bruke royaltyfritt, og som passar til forteljeteknikken, til dømes applaus og gjentakande musikk.

Publiser på YouTube

Last opp videoane på YouTube når de er ferdige med redigeringa.

OBS: Viss de ikkje ønskjer å publisere offentleg, kan de krysse av for "ikke-oppført video" under "synlighet". Då er det berre dei som har lenka, som kan sjå videoen. Her får de ei oppskrift på korleis de kan laste opp ein video på YouTube.

Presenter

Vel ein ferdig YouTube-video som skal visast i klassen. Forklar og vurder vala de har teke, både når det gjeld forteljegrep og bruk av verkemiddel. Grunngi kvifor videoen er typisk for sjangeren og passar målgruppa.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 13.01.2021

Læringsressursar

Produksjon for sosiale medium