Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Delingskultur og misbruk av åndsverk

Sjå heile eller delar av dokumentarfilmen Feels Good Man, og vurder spørsmål om åndsverk og opphavsrett.

Før de ser filmen

Har de sett bilete av frosken Pepe i nokon andre samanhengar? Kva har han stått for der?

1. Sjå utdraget frå filmen Feels Good Man

Filmen følgjer Matt Furie, som er ein teikneserieskapar frå San Fransisco i USA. Han har alltid likt å teikne froskar. I 2006 gav han ut teikneserien Boy's Club. I teikneserien møter vi den grøne frosken Pepe og venene hans.

Matt får snart meldingar frå fans som har byrja å bruke Pepe på nettsidene sine, i mem, i eigen musikk eller i eigne teikningar. Pepe byrjar å bli populær, og Matt ser på det heile som uskuldig moro.

Etter kvart finn frosken Pepe vegen til nettforumet 4chan. Pepe utviklar seg til å bli ein slags maskot for Trump-supporterar, høgre-ekstremistar, rasistar og kvit makt-grupperingar. Den grøne frosken blir òg ei viktig brikke i den amerikanske valkampen i 2016.

Filmen frå 2020 klargjer korleis åndsverk kan bli misbrukte i kommersielle samanhengar eller til inntekt for destruktive hatytringar. Det er vanskeleg å rydde opp i etterkant dersom åndsverket ditt går viralt på internett utan at du som opphavsperson har kontroll.

Kvinne utkledd som "Pepe the Frog" i ein demonstrasjon for Donald Trump. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

2. Oppgåver om delingskultur og opphavsrett

  1. Kva er eit mem? Lag ein eigen definisjon med utgangspunkt i artikkelen om mem og dine eigne erfaringar med mem.

  2. Har de døme på andre mem som har hatt like stor spreiingskraft som Pepe? Kva meiner de er suksesskriterium for at eit mem skal spreie seg?

  3. Kva utfordringar skaper opphavsrett i ein digital delingskultur? Har de opplevd at andre har kopiert eller manipulert arbeidet dykkar og delt det vidare?

  4. Kva ville de ha gjort viss de var teikneserieskaparen Furie?

  5. Kva verdiar ville Matt Furie at Pepe-figuren skulle representere?

  6. Korleis kunne det skje at den snille frosken Pepe blei maskot for Trump-supporterar og høgreekstremistar, og dermed eit hatsymbol?

  7. "Pepe er ein inngangsport til radikalisering" seier ein forskar som undersøkjer hatkultur på nett. Diskuter: Korleis kan ein teikneseriefrosk bli eit hatsymbol?

3. Vurder endringar i lovverket

I 2019 blei EU-landa einige om å lage eit nytt direktiv om opphavsrett på nett. Søk på internett etter informasjon om EU-direktivet, og finn svar på desse spørsmåla:

  1. Kva handlar artikkel 13 i EUs opphavsrettsdirektiv om?

  2. Kvifor er særleg artikkel 13 omstridd?

  3. Kva meiner du? Vil artikkel 13 føre til mindre misbruk av åndsverk i kommersielle samanhengar eller til inntekt for destruktive hatytringar? Formuler eit par for- eller motargument, og del dei med klassen.

Nyttige kjelder


Johan Falnes i bransjemagasinet Journalisten: EU har kommet til enighet om nye regler for opphavsrett på nettet

Chris Fox i BBC (engelsk): What is Article 13? The EU's copyright directive explained

August Lindbergs kommentar i Nettavisen: En mørk dag for internetts frihet

Her kan de sjå heile filmen

Relatert innhald

Korleis kunne det skje at den snille frosken Pepe blei maskot for Trump-supporterar og høgreekstremistar, og eit ikonisk hatsymbol?

Vi lever i ein digital tidsalder der det er enkelt å kopiere åndsverk som andre har laga. Derfor er det viktig å kjenne til lover og reglar.

CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal, Tina Andersson og Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 14.01.2022

Læringsressursar

Opphavsrett