Hopp til innhald

Fagstoff

Universell utforming av lyd og video

Lær korleis du skal planlegge, produsere og legge til rette for universell utforming ved produksjon av lyd- og video.
Den ytste delen av ein mikrofon. Fokus er på gitteret rundt enden av mikrofonen. Resten er i ufokus. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Denne artikkelen tek for seg desse metodane for universell utforming av lyd- og videoinnhald:

  • tekstalternativ

  • teksting av lydinnhald

  • tydeleg tale og godt lydnivå

  • gode kontrastar

  • synstolking av video

Lag tekstalternativ

-kravet 1.1.1 handlar om at alt som ikkje er tekst, skal ha eit tekstalternativ. Lagar vi nettinnhald basert på video eller lyd, må vi formidle innhaldet i tekstform òg. Slik vil innhaldet òg gi meining for dei som ikkje kan høyre eller sjå det.

Å lage tekstalternativ kan bety å

  • skrive eit samandrag av hovudinnhaldet

  • tekste eller transkribere innhald

  • forklare innhaldet ved sida av lyd- eller videofil

Teksting av lydinnhald

Det kan vere vanskeleg å høyre kva som blir sagt på grunn av låg lyd, støy i bakgrunnen eller utydeleg tale. Personar som snakkar fort og/eller utydeleg, er vanskeleg å tyde for høyrande òg. Teksting av tale gjer det enklare for alle å få med seg lydinnhaldet.

For personar med nedsett eller manglande høyrsel og personar som ikkje har lyden på, er det viktig at lyd er tilgjengeleg i tekstform.

Transkribering av lyd

Innhaldet i lydfiler blir tilgjengeleg som tekst ved å bli transkribert. Det betyr at det tekstlege innhaldet blir skrive ned og lagde ved ei lydfil. Denne teksten må ligge i nærleiken av lydfila.

Døme transkripsjon av lydfil

Lydbilete peis

0:00
-0:00

Vi kan bygge inn transkripsjon i lydverktøyet dersom det er mogleg. Dersom det ikkje går, er det viktig at transkripsjonen er tilgjengeleg i nærleiken, til dømes i ein ekspanderbar boks.

Transkripsjon av lydklipp "Lydbilete peis"

Det sit eit par og skal kose seg framfor peisen, og vi høyrer lyden av peis – og det er kjempekoseleg. For å få til lyden av to menneske som koser seg framfor peisen, krevst det fleire lydar. Du må ha lyden av peis, den litt rumlande og mørke, herlege lyden. Men når ein tek den lyden inn i radioverda og biletverda, må ein skru han så høgt opp for å få rumlelyden, og då høyrest det jo berre ut som eit brennande inferno. Det er ikkje spesielt hyggeleg eller romantisk på hytta … Så lyden av peis må balanserast ut ved at vi legg på litt knitring av peis, som berre høyrest ut som papir som blir bretta, litt rumling, litt romantisk musikk og to raudvinsglas som skåler.

Programleiar: Og alt dette lagar du sjølv?

Joachim Sandvik: Dette må eg lage sjølv, og så må eg balansere lydane og finne ut kva som er viktig i scenen. Ein kan godt starte ved peisen og bevege seg litt ut, som om eit kamera som zoomar ut. Eller ein kan starte ved høgtalarane og høyre den romantiske musikken, før peisen kjem inn og alt endar i ein liten raudvinsskål og kanskje litt humring frå skodespelarane.

Programleiar: Sånn at ein får eit inntrykk av at nokon sit på ein hyggeleg stad og koser seg skikkeleg!

Joachim Sandvik: Ja!

Teksting av videoar

Teksta video har ein undertekst nedst i biletruta. Teksten må vere enkel å lese, ha god kontrast til bakgrunnen og ikkje vere for rask. I tv-bransjen er det til dømes vanleg å ha kvit tekst på ein mørkegrå eller svart bakgrunn.

I teksting av innhald kan innhaldet bli litt forkorta samanlikna med lyden. Hovudinnhaldet skal komme tydeleg fram.

Døme på teksting av video

Videoen "Korleis forhindre smitte" er teksta på bokmål og nynorsk.

Tydeleg tale og godt lydnivå

God og tydeleg lyd i lyd- og videoproduksjonar kjem alle til gode. Det betyr tydeleg tale, og at det ikkje ligg høg og forstyrrande musikk eller under talen.

Dersom det er mange lydar samtidig, kan det vere vanskeleg å skilje lydane frå kvarandre og få med seg innhaldet. Under opptak bør tale, musikk og miljølyd blir tekne opp separat, og i redigeringa bør dei ulike lydtypane ligge i kvart sitt spor.

Det er viktig å unngå forstyrrande bakgrunnsstøy og skurring under lydopptak, og det er viktig å omarbeide lyden i ettertid. Tale skal ligge på mellom –12 og –6 .

Arbeidsvindauge i programmet Audition som viser fleirsporsredigering av lyd. Det er fire lydspor, som er markerte med kvar sin farge. Skjermutklipp.

Gode kontrastar

Kontrastar handlar om at element er ulike og kan enkelt skiljast frå kvarandre. Ved å bruke kontrastar kan vi framheve nokre parti og gjere andre mindre tydelege. Det gjer det enklare å oppfatte dei utheva og viktige delane, slik som tale og miljølyd i lydproduksjonar.

Ved å bruke gode visuelle kontrastar i videoar blir det enklare for personar med nedsett syn å sjå. Det gjeld levande bilete, illustrasjonar og animasjonar. Det er òg viktig i element vi legg til, som grafikk, vignettar og teksting.

Til venstre står det "Hei!" i ein kvit sirkel på ein svart firkant. Til høgre står det "Hei" i ein lysegrøn sirkel på ein lysblå firkant. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Synstolking av video

Synstolking er å beskrive visuelt videoinnhald som elles ikkje kjem fram i lyden. Informasjon om det visuelle innhaldet er viktig for at svaksynte og blinde skal få betre utbytte av ein video.

Ei forteljarstemme som skil seg ut frå andre stemmer i videoen, forklarer det visuelle innhaldet. Synstolking blir lagd i eit eige, separat lydspor.

Du kan lese meir om synstolking av video på nettsidene til Uutilsynet.

Døme på video med synstolking

Kjelder

Tilsynet for universell utforming av ikt. (u.å.). 1.1.1 Ikke-tekstlig innhold. Henta 24. april 2022 frå
https://www.uutilsynet.no/wcag-standarden/111-ikke-tekstlig-innhold-niva/87

Tilsynet for universell utforming av ikt. (u.å.). Synstolking av video. Henta 24. april 2022 frå https://www.uutilsynet.no/veiledning/synstolking-av-video/224

Tilsynet for universell utforming av ikt. (u.å.). Video og lydopptak. Henta 24. april 2022 frå
https://www.uutilsynet.no/veiledning/video-og-lydopptak/232

CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 06.04.2022

Læringsressursar

Universell utforming