Hopp til innhald

Fagstoff

Tekst og universell utforming

Korleis gjer vi tekst på nett universelt utforma og tilgjengeleg for alle?
Hender som skriv på tastaturet på ei berbar datamaskin. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Personar med nedsett eller manglande syn, lese- og skrivevanskar eller konsentrasjonsproblem har behov for av tekst.

Denne artikkelen tek for seg

  • tekst på digitale flater

  • leseleg skrifttype og kontrast til bakgrunn

  • godt språk og oversiktleg struktur

  • formatering og tilrettelegging av digitale dokument

Tekst på digitale flater

Tekst på digitale flater skal etter regelen vere mogleg å markere. Då vil registrere og lese opp tekst, og det gjer det mogleg å markere og forstørre teksten.

Innbrunnen tekst

Innbrunnen tekst har vi når tekst er publisert som bilete. Han kan vi ikkje markere, og han får dårlegare oppløysing ved forstørring. Tekst i bilete og grafikk blir meir universelt utforma ved bruk av bilettekst, og tekstalternativ. Du kan lese meir om WCAG-kravet 4.5.1 om bilete av tekst på nettsidene til Uutilsynet.

Lenke og lenketekst

må vere utheva, til dømes med understreking og annan farge enn annan tekst. Lenketekstane må òg forklare kva formålet med lenka er, og kvar ho leier oss.

Du kan lese meir om WCAG-kravet 2.4.4 om formål med lenke hos Uutilsynet.

Koding av tekst

Tekst og andre element på nettsider må vere koda rett slik at skjermlesar kan tolke og lese opp rett informasjon. Titlar i teksten må ha rett og vere koda med h1-, h2- eller h3-tag (og så vidare) slik at det blir oppfatta rett av nettlesarar. Det er ikkje nok å bruke ulik skriftstorleik og ha titlar med større tekst og utheving.

Eit typisk trekk ved lesing av tekstar på nett er at vi skannar tekstar når vi leiter etter relevant informasjon, vi droppar å lese alt. Brukarar som ikkje ser skjermen, kan skanne tekst ved hoppe frå tittel til tittel ved å bruke tastaturnavigasjon og skjermlesar. Då må dei ulike elementa vere koda rett.

Døme:

<h2>Overskriftnivå må kodast rett</h2>
<p>Overskrifter og tekstavsnitt må ha dei rette tagane i koden slik at det går an å skanne teksten, òg for dei som ikkje ser. </p>

Leseleg skrifttype og kontrast til bakgrunn

Vel fontar som er tydelege og enkle å tyde, til dømes groteske fontar som Arial, Helvetica eller Verdana. Kunstnariske fontar som liknar handskrift eller kalligrafi, kan sjå fine ut, men vere vanskelege å forstå, og dei kan lage unødvendig i kommunikasjonen.

Tekst skal ha tydeleg mellom tekst og bakgrunn. Kontrastforholdet skal vere minst 4,5 : 1 mellom tekst og bakgrunn. Teksten må òg vere mogleg å zoome inn 400 prosent utan å tape funksjon eller informasjon.

Inndeling av groteske fontar, Arial og Verdana, som har lik tjukkleik på bokstavane, og antikva-fontar, Garamond og Times New Roman, som har ulik tjukkleik på bokstavane. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Godt språk og oversiktleg struktur

Å bruke hjelper oss å skrive på ein enkel og tydeleg måte. Då blir det lettare å forstå innhaldet. For personar med språklege og kognitive utfordringar er det viktig med eit forståeleg språk. Unngå vanskelege framandord og lange setningar. Språkrådet har mange gode ressursar om klarspråk.

Det viktigaste innhaldet bør komme først. Vi kan bruke titlar med viktige ord for strukturere innhaldet. Tenk på brukaren og gjer det lett å få oversikt og finne fram.

Du kan legge inn klikkbare eller forklare ord kort i tekstendersom dei kan vere vanskelege å forstå. Slik gjer du innhaldet meir forståeleg og inkluderer fleire lesarar.

Skrivetips på nett

  • Det viktigaste innhaldet kjem først.

  • Bruk enkelt og forståeleg språk.

  • Del opp med mellomtitlar og bruk sentrale ord i titlane.

  • Bruk kulepunkt ved oppramsingar.

Formatering og tilrettelegging av dokument

Digitale dokument skal vere universelt utforma.

I skrivedokument som Word-filer formaterer vi teksten. Innhald som titlar, mellomtitlar og skal ha rett formatering som "overskrift 1", "overskrift 2" og "normal".

Formateringa er viktig for brukarar som nyttar seg av tastaturnavigasjon og/eller skjermlesar. Titlar blir vanlegvis utheva visuelt med tjukkare skrift eller auka skriftstorleik slik at dei skil seg ut frå brødteksten.

Word har ein eigen knapp som vi kan bruke for å sjekke tilgjengelegheita. Vel "Sjå gjennom" og "Kontroller tilgjengelegheit".

God kontrast mellom tekst og bakgrunn er viktig å hugse på. Det bør òg vere god kontrast i bilete, og bilete skal ha . Vi kan legge inn alt-tekst i Word-filer ved å høgreklikke på eit bilete og velje "Rediger alternativ tekst".

Uutilsynet har samla ei rekke tips på desse sidene:

Kjelder

Dalen, O. & Rønjum, E. H. (2012). Slik lykkes du endelig med innhold på nett. Fagbokforlaget Vigmostad & Bjørke.

Tilsynet for universell utforming av ikt. (u.å.). 1.4.10 Dynamisk tilpasning. Henta 18. april 2022 frå https://www.uutilsynet.no/wcag-standarden/1410-dynamisk-tilpasning-reflow-niva-aa/144

Tilsynet for universell utforming av ikt. (u.å.). Dokumenter på nettsider. Henta 18. april 2022 frå https://www.uutilsynet.no/veiledning/dokumenter-pa-nettsider/208

Tilsynet for universell utforming av ikt. (u.å.). Lenker. Henta 18. april 2022 frå https://www.uutilsynet.no/veiledning/lenker/214

Tilsynet for universell utforming av ikt. (u.å.). Suksesskriterium 1.4.3 Kontrast. Henta 18. april 2022 frå https://www.uutilsynet.no/regelverk/testprosedyrar-nettstader/709#suksesskriterium_143_kontrast

CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 06.04.2022

Læringsressursar

Universell utforming