Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Tolk ein TV-serie og lag video

I denne oppgåva skal du analysere ein valfri TV-serie og presentere analysen din i ei videoførelesing.
Jente med hovudtelefonar og iPad. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Moderne TV-seriar hentar inspirasjon frå ulike sjangrar. I e-førelesinga nedanfor viser Erlend Lavik frå Universitetet i Bergen korleis den amerikanske fjernsynsserien The Wire hentar filmspråket sitt både frå dokumentarfilm og spelefilm, og kva effekt biletkomposisjon, biletutsnitt, kameraføring, lyd og klipping har på opplevinga vår av serien.

Oppgåve

Vel ein TV-serie som du kan fordjupe deg i. Gjer ein analyse basert på dei tre første episodane av TV-serien. Presenter resultata i ei videoførelesing. Du kan la deg inspirere av Laviks e-førelesing om The Wire.

Her er nokre konkrete tips til spørsmål du kan svare på i analysen din.

Presentasjon

Dette gjer du:
  • Start med å nemne tittel, regissør, distributør, produksjonsland og produksjonsår.

Plott og miljø

Dette gjer du:
  • Kvar og når går handlinga føre seg?
  • Kva kjenneteiknar miljøet?
  • Beskriv plottet (handlingsgangen).
  • Blir handlinga presentert kronologisk eller i form av tilbakeblikk? Går fleire handlingar føre seg samtidig?

Karakterane

Dette gjer du:
  • Beskriv dei viktigaste karakterane (rollefigurane). Start med hovudpersonane.
  • Korleis er forholdet mellom desse personane?
  • Verkar nokon av desse personane som hjelparar eller motstandarar? Utviklar nokon av personane seg i løpet av forteljinga?
  • Kven i serien identifiserer vi oss med?

Dramaturgi og forteljarteknikk

Dette gjer du:
  • Beskriv dei viktigaste konfliktane i forteljinga.
  • Forklar spenningsutviklinga (dramaturgien).
  • Blir konfliktane løyste i løpet av ein episode, eller held konfliktane fram i neste episode?
  • Blir episoden avslutta med ein cliffhanger? Kva effekt har i så fall denne?

Filmatiske verkemiddel

Dette gjer du:
  • Kva kjenneteiknar måten bileta er komponerte på? Kva effekt gir det?
  • Kva kjenneteiknar val av biletutsnitt og biletvinklar? Kva effekt gir det?
  • Kva kjenneteiknar kameraføringa (køyring, zooming, handhalde kamera)? Kva effekt gir det?
  • Beskriv typiske trekk ved måten bilete og lydar er klipte saman på. Kva effekt gir det?
  • Beskriv klipperytmen og eventuelt korleis denne blir endra i bestemde sekvensar. Kva effekt gir det?
  • Brukar regissøren slow motion eller "frysing" av bilete? Kva effekt gir det?
  • Er det brukt spesielle symbol i serien? Kva betydning har i så fall desse symbola?
  • Kva slags verkemiddel er brukte for å understreke tidsperiode og miljø i filmen (kostyme, rekvisittar, lyssetjing, kalde og varme fargar og så vidare)?
  • Beskriv korleis forteljinga blir formidla gjennom bruk av dialogar, monologar og voice-over (forteljarstemme).
  • Beskriv bruk av diegetisk lyd (lyd som er til stades i scena), lydeffektar og musikk, og korleis dette skaper stemning og dramatikk.

Kva vil forteljinga seie oss?

Dette gjer du:
  • Ønsker avsendaren å formidle ein bestemd bodskap?
  • Korleis er dei filmatiske verkemidla med på å understreke denne bodskapen?
  • Fortel TV-serien noko om konfliktar og ideologiar i den tida og i det samfunnet han vart til i?
  • Kva tankar sit du igjen med etter å ha sett TV-serien?

Slik lagar du ei videoforelesning

Du kan lage digitale presentasjonar på mange ulike måtar.
Her er ein mogleg framgangsmåte:

  • Lag først ein PowerPoint med overskrifter, stikkord og bilete frå TV-serien du har valt.
  • Gå til Screencast-O-Matic, og gjer opptak av PowerPoint-en din mens du forklarer analysen din.
  • Lagre arbeidet, og lever til læraren din.
CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal, Ragna Marie Tørdal, Marion Federl og Jon Hoem.
Sist fagleg oppdatert 07.04.2020

Læringsressursar

Enkle analysar