Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Eit retorisk blikk på Leonardo DiCaprio

Gjer ein retorisk analyse av skodespelar Leonardo DiCaprio sin tale om klimaendringar.
Leonardo DiCaprio deltek i ein demonstrasjon. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

"Som FNs fredsambassadør har eg reist jorda rundt dei to siste åra. Alt eg har sett og lært meg, har verkeleg skremt vitet av meg", seier skodespelar Leonardo DiCaprio i ein tale i dokumentarfilmen Before the Flood (2016).

No skal du studere korleis han bruker retoriske verkemiddel for å overtyde tilhøyrarane om at vi må ta grep for å redde jorda vår.


DEL A

Sjå Leonardo DiCaprio sin tale under eit toppmøte om klima i New York.

  1. Korleis byggjer han opp etos?
  2. Kva argument bruker han for å styrkje logos?
  3. Korleis bidrar bileta til retorikken?
  4. Korleis er bruken av patos?
  5. Korleis bidrar musikken til retorikken?

DEL B

Sjå litt av ein annan tale som Leonardo DiCaprio heldt om klimaendringar i FN.

  1. Korleis verkar fråværet av bilete og musikk inn på retorikken?Blir du meir eller mindre overtydd?

  2. Korleis kan vi bruke verkemiddel i eit medieuttrykk retorisk for å forsterke ein bodskap? Kan du kome på eksempel der verkemidla i eit medieuttrykk har skapt overtyding?
CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 25.02.2020

Læringsressursar

Enkle analysar