Hopp til innhald

Eigenvurdering

Eigenvurdering for emnet enkle analysar

Har du fått med deg APUS, etos, logos og patos?
Fire ungdommar ropar til kvarandre i kvar sin megafon. Foto.

Kva har du forstått?

Dersom du kan svare ja på alle spørsmåla nedanfor, har du god kjennskap til fagstoffet i dette emnet.

  • Eg forstår at det er nyttig å vurdere og analysere eigne og andre sine medieuttrykk.

  • Eg bruker fagomgrep for å analysere og vurdere medieuttrykk.
  • Eg kjenner til verktøy for å analysere og vurdere film, journalistikk og reklame.
  • Eg har blitt meir klar over samanhengen mellom innhald, uttrykk og kommunikasjon.
  • Eg har fått meir trening i å tenkje kritisk om og reflektere over ulike medieuttrykk.

  • Eg kan forklare ulike dramaturgiske modellar, som APUS-modellen og Hollywood-modellen.

  • Eg veit kva retorikk er.
  • Eg kan forklare dei tre retoriske appellformene: etos, logos og patos.
  • Eg kan forklare og gi døme på korleis ulike medieuttrykk bruker etos, logos og patos i kommunikasjon.

Sentrale omgrep i emnet

CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 03.06.2022

Læringsressursar

Enkle analysar