Hopp til innhald

Fagstoff

Forteljeteknikkar og verkemiddel

Forteljeteknikkar og verkemiddel blir brukte i medieuttrykk for å formidle historier, hendingar og bodskapar på bestemte måtar. Klipperytmen i ein film gir fart og spenning. Fargar i eit bilete skaper ei bestemt stemning. I ein reklametekst blir gjentaking brukt for å fremje merkevara.

Å fortelje er noko menneska har gjort til alle tider. Vi fortel historier og hendingar frå eigne og andre sine liv, både for å informere og for å underhalde.

Kanskje har du sete med venner rundt eit stearinlys, skrudd av lyset og bytt på å fortelje spøkelseshistorier? Då har du allereie brukt eit verkemiddel for å styrkje forventningane og spenninga knytt til forteljinga. Ein god forteljar bruker dessutan røysta aktivt, kanskje først i lågt, nesten kviskrande leie, for så å smelle til med eit rop akkurat idet spøkelset dukkar opp i forteljinga. Resultatet er at alle skvett til.

Forteljeteknikk i dette tilfellet handlar om korleis spøkelsesforteljinga er bygd opp, korleis ho byrjar, held fram og blir avslutta. Verkemidla er toneleie og stemmebruk og stearinlyset i mørkret.

I mediebransjen blir det brukt forskjellige forteljeteknikkar og verkemiddel, alt etter føremål og kva uttrykksform som blir vald: tekst, foto, illustrasjonar, animasjonar, lyd, levande bilete, eller ein kombinasjon av fleire medieuttrykk.

Å gjere seg forstått

Det viktigaste er sjølvsagt å gjere seg forstått. Dersom du ser ein gammal stumfilm i svart-kvitt, kan det vere vanskeleg å få med seg kva filmen handlar om. Klippinga verkar usamanhengjande, for ikkje å snakke om at det ikkje er lyd. Gjennom dei siste 100 åra har filmspråket utvikla seg. Når du ser ein TV-serie i dag, har du allereie sett så mykje fjernsyn frå du var liten, at du klarer å setje saman bilete, dialogar og lyd til noko meiningsfullt, utan eingong å tenkje over det. Konvensjonane for forteljeteknikk i levande bilete er etablert som ein avtale mellom dei som lagar, og dei som ser.

Grunnprinsipper for korleis ein byggjer opp ein tekst til ei nyheit, med titlar, bilete, bilettekstar og brødtekst, eller for korleis ein skjer til eit bilete, eller igjen set saman biletklipp til ei scene, blir også styrt av konvensjonar. På same måten eksisterer det konvensjonar for ulike lyduttrykk og biletuttrykk.

Halde på interessa og bevege

Forteljeteknikkar og verkemiddel blir brukte medvite i profesjonelt arbeid med medieuttrykk for å fange og halde på merksemd og bevege mottakaren, altså skape kjensler, engasjement eller endra haldningar.

Eksempel

Vel du å bruke formuleringa

«kvalpen gjorde eit begeistra hopp og sette i fullt firsprang mot bestefaren»

i staden for

«hunden sprang mot mannen»,

ja, då har du gjort eit språkleg grep som bidreg til ei sterkare oppleving av hendinga.

Forteljeteknikk og bruk av produksjonsutstyr

Jo betre du kjenner forteljeteknikkar og verkemiddel, og jo betre du kjenner utstyr og programvare, jo betre styrer du kommunikasjonen i dei medieuttrykka du lagar.

Skal du for eksempel lære deg korleis eit spegelreflekskamera verkar, vil du i starten ha nok med kor på kameraet du finn blendar- og lukkarinnstillingane. Men etter kvart som du blir kjend med teknologien, blir han på ein måte usynleg, og du kan konsentrere deg om verkemiddel.

Før du har lært deg å klippe i bilet- og lydfiler, og før du forstår korleis rytme i klipping verkar inn på kommunikasjonen, er det vanskeleg å bruke klipperytme som verkemiddel. Det er først når du aktivt og medvite tek i bruk innstillingar og funksjonar i opptaksutstyr og programvare, at du bruker verkemiddel og forteljeteknikkar i eigne produksjonar.

CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 07.04.2024

Læringsressursar

Enkle analysar