Hopp til innhald

Fagstoff

Det utvida tekstomgrepet

Dei fleste tekstane du skaper og møter i kvardagen, er sette saman av fleire medietypar: skrift, lyd, bilete og levande bilete. Vi kallar dei òg multimodale tekstar, eller medieuttrykk. Når vi omtaler medieuttrykk som tekstar, bruker vi omgrepet tekst i ei utvida betydning.

Kva er ein tekst?

Tekstar består av teikn som er sette saman for å skape og formidle meining. I ein skriftleg tekst bruker forfattaren ord og ulike språklege verkemiddel som gjentakingar, kontrastar, metaforar, rytme og humor. I ein medietekst som er sett saman av fleire kan òg fargar, symbol, komposisjon og klipperytme vere verkemiddel som påverkar korleis du forstår og tolkar teksten.

Alt som formidlar ei meining kan undersøkjast, frå avisartiklar, reklamar, filmar og teateroppsetjingar til dans, arkitektur og klede. Og fordi alle desse uttrykksformene formidlar meining, fell dei inn under samleomgrepet tekstar, eller meir presist, dei fell inn under det utvida tekstomgrepet.

Korleis kan du bruke det utvida tekstomgrepet?

Forstår du kva som ligg i det utvida tekstomgrepet, forstår du òg at tekstanalysemetodane du har lært på skulen, kan brukast til å utforske alt som uttrykkjer meining. Du kan til dømes bruke dramaturgi-modellar for å forklare opplevinga av å gå gjennom ein bygning, eller du kan sjå på samanhengen mellom form og innhald i eit lydspor på same måten som du ser på samanhengen mellom form og innhald i eit dikt.

Når du undersøkjer korleis andre bruker ulike uttrykksmåtar, forteljeteknikkar og verkemiddel, vil du òg sjå stadig betre korleis du kan skape og kontrollere meining i tekstane du produserer sjølv.

CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 04.10.2021

Læringsressursar

Enkle analysar