Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Analyse av medieuttrykk – gruppearbeid

I dette arbeidsoppdraget skal du forstå og analysere tre ulike medieuttrykk ved å stille åtte relevante spørsmål. Jobb gjerne i grupper.

Når du skal vurdere ulike medieuttrykk, kan du bruke ulike analysemetodar. Du kan til dømes analysere ein reklame ved å sjå nærare på retoriske verkemiddel. Ein film kan du vurdere ut ifrå korleis han er bygd opp ved å studere dramaturgien.

No skal du gjere ei øving der du skal bruke dei same åtte spørsmåla for å analysere særs ulike medieuttrykk. Desse åtte spørsmåla kan du bruke kvar gong du vil gjere ein enkel analyse av eit medieuttrykk. Du kan òg bruke spørsmåla som repetisjon før eksamen eller for å øve deg i å vurdere eigne og andre sine uttrykk.

Slik gjer du

Lag små grupper i klassen. Saman skal de studere tre eksempel: ein journalistisk tekst frå nrk.no, ein reklamefilm for Norvegia og kortfilmen Roswell Enterprises.

Start med å sjå på eitt av eksempla, og svar deretter munnleg på dei åtte spørsmåla i boksen under. Etter kvar analyse, skriv de ei kort oppsummering.

Oppsummeringa kan de leggje ut på ei felles interaktiv klassetavle eller ta vare på til ein felles gjennomgang med klassen. Høyr med læraren. Viss de vil opprette ei interaktiv tavle, kan de til dømes bruke Samtavla eller Padlet.


Analyse med åtte spørsmål

Diskuter dei ulike tekstane i gruppa ut frå desse spørsmåla:

  1. Kven er avsendar?
  2. Kva er formålet eller meininga til avsendaren med teksten?
  3. Kven trur de er målgruppa for teksten?
  4. Kva tema, motiv eller problemstilling står sentralt i teksten?
  5. Korleis er teksten bygd opp (komposisjon og dramaturgi)?
  6. Kva er bodskapen i teksten?
  7. Kva verkemiddel er brukte for å få fram bodskapen i teksten (bilete, lydar, tekst, grafiske element, retorikk)?
  8. Kva seier teksten om si eiga samtid?

A Journalistisk tekst om klimaendringar

Les Jakten på klimaendringene på nrk.no.

Furuskog i sommarsol. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

B Reklamefilm for Norvegia

Sjå reklamefilmen for Norvegia:

C Kortfilmen Roswell Enterprises

Sjå kortfilmen Roswell Enterprises (2005).

D Refleksjon

Tenk gjennom spørsmåla under. Tenk først åleine, del deretter tankane dine med gruppa di.

  • Kva er formålet til den journalistiske teksten, reklamefilmen og kortfilmen? Peik på forskjellar og eventuelle likskapar.
  • I kor stor grad synest de det fungerte å vurdere tekstane ut ifrå dei same spørsmåla?
  • Kva var utfordrande med å bruke same analyseverktøy på dei tre medieuttrykka?
  • Kvifor kan det vere kjekt å bruke eit slikt enkelt analyseverktøy for å vurdere ulike medieuttrykk?
  • Kva kan vi lære av å analysere andre sine medietekstar?
  • Korleis kan du bruke spørsmåla i analyseverktøyet når du planlegg dine eigne produksjonar?
  • Samanlikn til slutt svara dykkar med resten av klassen. Har de oppretta ei interaktiv tavle, kan de dele ho. Viss ikkje, kan de snakke saman ansikt til ansikt.
CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 02.04.2020

Læringsressursar

Enkle analysar