Hopp til innhald

Fagstoff

Kvifor analyserer vi medietekstar?

Når vi analyserer ein medietekst, plukkar vi han frå kvarandre for å sjå kva han er laga av, og korleis han er “skrudd saman”. I tillegg ønskjer vi å avsløre kva som ligg gøymt i teksten, kva han ber med seg av kunnskap, verdiar og påverknadskraft.
Små personer står i en dataskjerm, peker, titter og undersøker et nettsted med video og bilde, og en avis. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det kan vere fleire grunnar til at vi ønskjer å analysere ein medietekst. Her skal vi sjå på tre grunnar til å lære seg medieanalyse.

Analysere for å produsere

Dei som lagar medietekstar, utviklar seg vidare gjennom å lære av kvarandre. Dei ser på andre sine produksjonar med "analyseblikket" og plukkar opp tips og idear som kan kome til nytte i deira eige arbeid. Du som er under utdanning, kan og lære mykje om tekstskaping ved å studere teknikkar som blir nytta av profesjonelle.

Analyse og produksjon er sjølvsagt to sider av same sak. Der vi i analysen plukkar tekstar frå kvarandre, arbeider vi i produksjon med å setje tekstar saman: Raudfargen på kjolen til filmheltinna blir valt ut for at han skal vere eit blikkfang i folkemengda på dansegolvet. Den tvitydige tittelen i hovudoppslaget i ei nettavis er konstruert for at lesaren skal bli nysgjerrig og klikke seg vidare. Ingenting er tilfeldig, gode tekstskaparar veit kva for verkemiddel som finst, og korleis dei kan nyttast.

Likevel hender det jo at publikum oppfattar medieteksten på ein annan måte enn det som var tenkt. Dette kan vere katastrofalt dersom det dreier seg om ei nyheitssak på TV, men det kan gje ein kunstnarisk film ein ekstra dimensjon og gjere han djupare og rikare.

Analysere for å forske

Ein annan grunn til å analysere medietekstar er ønsket om å avdekkje kva som ligg innebygd i dei av kunnskapar og verdiar, korleis dei blir brukte, og korleis dei påverkar einskilde menneske og samfunn. Her er vi inne på medieforskarane sitt domene. Ein medieforskar har ei problemstilling, eit knippe med spørsmål som ho ønskjer å finne svar på. Tekstanalysen er forskingsmetoden hennar.

La oss seie at ho ønskjer å finne ut korleis amerikanske såpeseriar framstiller kva forhold kvinner har til yrkeslivet. Dette kan ho til dømes gjere ved å ta føre seg ei rekkje filmar og kartleggje kva yrke dei kvinnelege rollefigurane har. På denne måten avdekkjer ho verdiar som ligg innebygd i filmane, og kan reflektere omkring kva påverknad dette kan ha på norske tenåringar, som er eit trufast publikum.

Analyse til skulebruk

Når du sjølv får i oppgåve å analysere ein medietekst, kan du kombinere dei to tilnærmingane.

Det finst inga analyse-oppskrift for mediefaget. Tekstane er svært ulike, difor vil dei krevje ulik tilnærming. I nokre tilfelle vil det vere mest interessant å studere innhald og form, slik du gjer i norskfaget: Kva er bodskapen i teksten, og kva for verkemiddel blir brukt for å formidle denne bodskapen?

I andre tilfelle vil det vere interessant å sjå på kva for ein påverknadskraft teksten – eller denne typen tekstar – har på det einskilde mennesket og på samfunnet. Eit døme her kan vere reklamefilmar, som sjølvsagt har til føremål å fremje sal, men som òg er med på å skape “forbrukarsamfunnet”. Vi kan òg snu dette opp ned: Kva seier denne medieteksten om det samfunnet som han er ein del av? Kva for verdiar ber han med seg – meir eller mindre openlyst?

Andre gonger ønskjer du å sjå på brukarar av medietekstar som meir enn berre passive mottakarar. Då kan du stille spørsmål om korleis medieteksten kan nyttast. Kan til dømes dramaseriar på TV fungere som folkeopplysning?

Ti spørsmål som ofte blir stilt når du blir beden om å analysere ein medietekst:

  1. Kven er avsendar?
  2. Kva for føremål eller meining har avsendaren med teksten?
  3. Kva for målgruppe er teksten retta mot?
  4. Kva for tema, motiv eller problemstilling står sentralt i teksten?
  5. Korleis er teksten bygd opp (komposisjon, dramaturgi)?
  6. Kva er bodskapen i teksten?
  7. Kva for verkemiddel er brukte for å få fram bodskapen i teksten?
  8. Kva må vere på plass for at teksten skal kommunisere, og i kva grad kommuniserer teksten effektivt?
  9. Kva for ideologiske føringar ligg til grunn for teksten?
  10. Kva seier teksten om si eiga samtid?
CC BY-SASkrive av Trude Løvskar. Rettshavar: Senter for nye medier, Høgskolen i Bergen
Sist fagleg oppdatert 27.01.2022

Læringsressursar

Enkle analysar