Øvelse
Etos i NRKs Folkeopplysningen
I denne øvinga skal du vurdere truverd i eit klipp frå NRK sitt TV-program Folkeopplysningen.
Du skal tilby ei ny behandling for vond rygg.
- Korleis ville du ha reklamert for å overtyde potensielle kundar om at du tilbyr den beste behandlinga?
- Ville du ha spelt mest på etos, logos eller patos for å overtyde?
Sjå klippet frå NRKs Folkeopplysningen på YouTube (ikkje teksta).
- Kan kjøkkenreiskapar kurere vond rygg?
- Kva synest du om behandlaren sin etos (truverd) i den første delen av klippet?
- Kva skjer med etos når behandlaren og behandlingsrommet blir oppgradert?
- Finn du døme på at andre appellformer blir i tekne i bruk (logos eller patos)?
- Kva synest du om innslaget?
- Kva grep kunne behandlaren gjort for å verke endå meir overtydande?