Film: Verkemiddel i reklamefilm - Medieuttrykk 1 - NDLA

Hopp til innhald
Film og filmklipp

Film: Verkemiddel i reklamefilm

Truverd, nytteverdi og appell til kjensler er sentralt når reklameskaparen prøver å nå ut til målgruppa med bodskapen sin.
Video: Terranova Media / CC BY-NC-SA 4.0

Sjå filmen og svar på spørsmåla

  1. Kvifor legg reklameskaparane vekt på at filmforteljinga bør appellere til kjenslene våre?

  2. Kva inneber det at ein reklamefilm har ein "nytteverdi" for dei som ser han?

  3. Kven er mottakargruppa for DNB-reklamen om førsteheimslån?

  4. Kva for verkemiddel blir brukte i reklamefilmen om førsteheimslån for å appellere til kjenslene til mottakarane?

  5. Kva nytteverdi har denne reklamen for mottakargruppa?

  6. Samanlikn reklamefilmen om førsteheimslån med reklamefilmane om fripolisar og pensjonssparing. Kva for ein av desse filmane synest du fungerer best? Grunngi svaret ditt med det du no kan om det å lage reklamefilm.

Skrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 02.04.2024