Hopp til innhald

Fagstoff

Slik vurderer du journalistisk arbeid

Kva handlar saka om? Kven får seie noko? Her får du tips til korleis du kan analysere journalistisk arbeid steg for steg.
Aviser og nettbrett. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Journalistikk handlar om å formidle det som skjer i verda. Det kan gjerast på ulike måtar, men innhaldet må opplevast som informativt og påliteleg. Når du skal vurdere eit journalistisk arbeid, bør du derfor studere kva som blir sagt, kven som kjem til orde, og korleis det blir sagt. Her er ei oppskrift steg for steg.

Du kan òg bruke oppskrifta som ei sjekkliste for å vurdere ditt eige journalistiske arbeid.

1 Innhald

Først må du finne ut kva saka handlar om. Kva fortel ho? Er nyheita viktig? Er det som blir formidla truverdig? Korleis blir saka introdusert for lesaren eller sjåaren? I ei avis kan du sjå på tittel og ingress, i radio bør du lytte merksamt til anslaget. Når du les eller lyttar vidare, vil du få større innsikt i saka.

2 Kjeldebruk

Når du vurderer journalistisk arbeid, bør du alltid vere merksam på bruken av kjelder. Kven kjem til orde? Kva kjelder seier kva? Kan du stole på kjeldene? Kva har valet av kjelder å seie for saka og korleis ho treffer deg?

Du kan òg sjekke om journalisten har brukt munnlege eller skriftlege kjelder eller eigne og andres observasjonar. Munnlege kjelder kan vere offentlege personar, som forskarar og byråkratar, og privatpersonar. Døme på skriftlege kjelder er offentlege dokument og statistiske data. Kva har dette å seie for inntrykket ditt av saka?

Petter Stordalen omringa av journalistar og fotografar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

3 Sjanger

Det finst ulike journalistiske sjangrar. Kan du seie noko om kva sjanger som er vald, og kva betydning dette får?
I journalistikk skil vi ofte mellom objektive og subjektive sjangrar. I ein objektiv sjanger refererer journalisten til ei hending på ein mest mogleg nøytral måte, utan å ta stilling til saka. I ein subjektiv sjanger er journalisten meir synleg og kan kommentere og velje side i ei sak.
Når du vurderer sjanger, bør du altså vurdere rolla til journalisten i teksten. Er journalisten til stades eller fråverande, og kva har dette å seie for forståinga di av saka?

4 Oppbygging

I neste steg bør du sjå på korleis saka er bygd opp. Blir den viktigaste informasjonen presentert først, eller startar saka på ein annan måte? Viss det er ei typisk nyheitssak, kan du prøve å identifisere nyheitskriterium. Er saka bygd på konflikt, at ho er vesentleg, eksklusivitet, identifikasjon og nærleik, sensasjon eller aktualitet? Ei sak med høg nyheitsverdi er gjerne basert på minst to av desse kriteria.

5 Presentasjon

No kan du vurdere det visuelle. I ein TV-reportasje kan du til dømes studere val av bilete og lydeffektar. I ei nettsak kan du sjå på korleis skrift, bilete, fargar og figurar underbyggjer det som blir formidla.

Ei hand held ein mobiltelefon med bilete av ei jente som har logoar frå ulike sosiale medium i ei tenkeboble over hovudet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

6 Språk

Ta ein nærare titt på språket. Korleis blir språket brukt for å informere eller skape interesse? Kan du finne eksempel der språket er brukt retorisk, ved å byggje truverd eller vekkje kjensler? Du kan òg sjå på ordval. Er det bevisst brukt ord som får fram denotasjonar og konnotasjonar hos mottakaren?

7 Kanal/format

Til slutt kan du tenkje over korleis publiseringskanal og format påverkar vurderinga di av saka. Har du til dømes like stor tiltru til ei nyheitssak i sosiale medium samanlikna med ein lengre nyheitsartikkel i ei papiravis? Kvifor, kvifor ikkje? Tolkar du teksten annleis viss du les han på mobil? Slike spørsmål kan du stille deg når du vurderer kva kanal og format har å seie for opplevinga di av saka.

CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 07.04.2020

Læringsressursar

Enkle analysar