Hopp til innhald

Fagstoff

Filmanalyse i tre steg

Når du analyserer ein film, prøver du å finne ut av kva filmen fortel oss, og på kva måte han gjer det. Før du kan skrive sjølve analysen, må du sjå filmen. Her kjem eit forslag til korleis du kan gjennomføre ein filmanalyse i tre steg.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Første steg: Sjå filmen og ta notat

1. Sjå filmen

  • Sjå filmen i fred og ro og utan avbrot.
  • Forsøk å leggje merke til kva som utmerkjer seg i filmen.

2. Ta notat

  • Etterpå noterer du ned inntrykka du sit att med etter filmvisinga.
  • Du kan gjerne notere stikkord undervegs, mens du ser, også.
  • Bestem deg for kva du synest er mest interessant med filmen.

Andre steg: Still spørsmål og gå i djupna

Bakgrunnssjekk

  • Les om regissøren.
  • Sjå om du finn ut noko om bakgrunnen til filmen, for eksempel om filmen byggjer på ei spesiell historisk hending eller ein roman.
  • Søk etter avisartiklar som kan fortelje noko om korleis filmen vart laga.

Still spørsmål til filmen

Ta utgangspunkt i det som er mest interessant med filmen, og formuler eit hovudspørsmål du ønskjer å finne svar på. Formuler fleire spørsmål for å få svar på hovudspørsmålet ditt.

Eksempel på slike analysespørsmål kan vere:

  • Korleis er forteljinga strukturert?
  • Er ho kronologisk, eller hoppar ho fram og attende i tid?
  • Korleis blir kamera/fargar/lyd brukt til å framheve eigenskapar ved karakterane i filmen?
  • Korleis blir musikk brukt i filmen, og på kva måte påverkar musikkbruken filmopplevinga til publikum?
  • Korleis er dramaturgien i filmen?
  • Kva handlar filmen om, og kva vil han fortelje oss (tema og bodskap)?

Næranalyse

  • Dykk ned i handlinga, forteljeteknikken og dramaturgien.
  • Vel gjerne ut scenar du vil sjå nærmare på.
  • Ta så med deg spørsmåla dine vidare i næranalysen.

Tredje steg: Disponer og skriv analysen

Bruk disposisjonen din til å skrive analysen.

Disponer analysen

  • Set opp overskrifter og underoverskrifter som skal vere med i analysen. Underoverskriftene kan gjerne vere knytte til svara du har funne på spørsmåla du har formulert.
  • Noter stikkord under overskriftene, så har du ein stad å begynne når du skal formulere den endelege analysen.
  • Hugs at disposisjon berre er eit utgangspunkt. Ofte vil titlar og struktur endre seg undervegs som du skriv, fordi du i skriveprosessen legg merke til nye ting, eller du ser ting på ein annan måte.

Skriv inn det du har funne ut om regissøren og filmen i innleiinga. Skriv inn næranalysen din i hovuddelen. Den skriftlege filmanalysen bør innehalde desse tre hovuddelane:

Innleiing

  • Presenter filmen og regissøren.
  • Beskriv sjanger og sjangertrekk.
  • Kva vil du konsentrere deg om i analysen din? Set opp hovudspørsmålet ditt.

Hovuddel

  • Kva handlar filmen om, og kvar skjer handlinga?
  • Gje att spørsmåla du har prøvd å finne svar på.
  • Dramaturgi: Korleis er forteljinga i filmen bygd opp? Karakterar, konflikt, planting og hausting.
  • Forteljeteknikk: kamera, lyd og musikk, lys, klipp.

Avslutning

  • Oppsummering og tolking av det du har komme fram til.
  • Har analysen gitt svar på nokre av spørsmåla dine?
CC BY-SASkrive av Marion Federl og Tina Andersson.
Sist fagleg oppdatert 31.01.2019

Læringsressursar

Enkle analysar