Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Analyse av Bawke

Med kortfilmen Bawke treng regissør Hisham Zaman berre 15 minutt for å sette lys på eit svært vanskeleg tema som engasjerer mange.

Bawke er ein sterk film om ein far og son si harde flukt på leit etter eit betre liv i Noreg. På norsk jord er dei heldigvis langt unna fysiske bomber og kuleregn, men den mentale kampen for å overleve har berre så vidt begynt.

Vi får eit sterkt innblikk i korleis ei flukt kan opplevast, ikkje minst kva for vanskelege val ein kan bli nøydd til å ta når ein har flykta frå alt ein eig og har.

Analyseoppgåver

  • Kva handlar filmen om?
  • Bawke tyder «far» på kurdisk. Kvifor har filmen fått denne tittelen?
  • Korleis blir verkemiddel som musikk, lyd, klipp og symbol brukte i filmen?
  • Gi ei skildring av karakterane i filmen.
  • Kvifor er fotballkortet så viktig for guten?
  • Kva er vendepunktet i filmen?
  • Kvifor vel faren til guten å handle som han gjer?
  • Kva kunne ha skjedd om han hadde valt annleis?
  • Korleis blir Noreg framstilt i filmen?
  • Utspeler filmen seg innanfor realistiske rammer?
  • På kva måte er filmen aktuell i dag?
CC BY-SASkrive av Tina Andersson Jensen og Mairi Macdonald. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 21.06.2019

Læringsressursar

Enkle analysar