Mediesjangrar
Når tekstar har mange fellestrekk, seier vi gjerne at dei tilhøyrer same sjanger. Sjangrane er tilpassa bestemde situasjonar og formål og har ofte ei karakteristisk form. Medietekstar blir vanlegvis delte inn i sjangrar ut frå form og funksjon, men ofte òg ut frå innhald.