Medier, kropp og helse
Media formidlar viktig informasjon og gode tips om kropp, trening og kosthald. Dette hjelper oss til å leve sunt og godt. Men for den som slit med helseangst, kan det vere utfordrande at informasjon om alle moglege sjukdommar er berre eit tastetrykk unna. Dessutan er slett ikkje alle rådene gode.