Praterobot i arbeid med fagtekst
I arbeidet med oppgåva skal de hente støtte i ein praterobot i startarbeidet med ein fagtekst.
De jobbar to og to.
De leverer ei innleiing og eit avsnitt til ein fagtekst.
De leverer dokumentasjon på arbeidet de har gjort.
Opprett eit dokument med to overskrifter/delar: "Del 1: Fagtekst" og "Del 2: Dokumentasjon".
Del 1 skal innehalde byrjinga på sjølve fagteksten de skal skrive. Start med å skrive ned kva hovudtemaet for fagteksten er.
I del 2 skal de vise korleis de har arbeidt med kjelder og tekstar som er genererte med praterobot.
Bruk denne serien med leietekstar som starthjelp til arbeid med fagteksten.
"Kan du liste opp undertema til [valt hovudtema]?"
"Gi ei enkel oppsummering av [valt undertema] i fem setningar."
"Formuler tre ulike problemstillingar innanfor [...]."
"Kan du gi meg tre sentrale fagomgrep eg må bruke for å drøfte problemstillinga [...]?"
"Kan du foreslå ein disposisjon til ein fagtekst som tek utgangspunkt i problemstillinga [...]
"Kva er det viktig å tenke på når eg skal skrive ein fagtekst med utgangspunkt i problemstillinga [...]?"
Kopier svara frå prateroboten og skriv dei inn under "Del 2: Dokumentasjon".
I den første delen, "Del 1: Fagtekst", legg de inn ei problemstilling de har valt og reformulert med utgangspunkt i svara frå prateroboten. Skriv ein introduksjon til problemstillinga òg. Kvifor er dette ei relevant og interessant problemstilling å diskutere i ein fagtekst?
Finn relevante kjelder for problemstillinga de har valt, til dømes i artiklar frå Store norske leksikon og NDLA eller i ei lærebok. Utøv kjeldekritikk (sjå i boksen nedanfor).
Plukk ut relevant innhald frå kjeldene. Kva er nyttig innhald, kva kan de ikkje bruke? Skriv om med egne ord eller klipp ut direkte sitat. Legg dette inn under"Del 2: Dokumentasjon".
Skriv òg ned referansane til kjeldene, både omformuleringar og direkte sitat. (Direkte sitat skal stå i hermeteikn.)
Ta utgangspunkt i problemstillinga de har valt. Begge i gruppa skriv leietekstar i kvar sin praterobot om
å lage innleiinga til ein fagtekst som handlar om denne problemstillinga
å skrive eit avsnitt til ein fagtekst med utgangspunkt i problemstillinga
Legg leietekstar de har skrive til praterobotane, og svara de har fått tilbake, inn under "Del 2: Dokumentasjon".
Samanlikn svara frå praterobotane og vurder kva for nokre av dei de skal bruke vidare. Kva er nyttig innhald, og kva skal de ikkje bruke?
Diskuter i grupper og i klassen: Korleis kan vi bruke praterobotsvara som hjelp til vårt eige skrivearbeid? Kva er nyttig, og kva er mindre nyttig?
Presenter problemstillinga i innleiinga.
Bruk svara frå prateroboten og kjeldene de har funne, i arbeidet med å skrive innleiinga og avsnittet dykkar.
Merk tekst som er heilt dykkar eigen, med ein farge, tekst frå prateroboten med ein annan farge og tekst frå kjeldeinnhald med ein tredje farge.
Skriv under "Del 2: Dokumentasjon" om korleis de har brukt kjelder og svara frå praterobotane, og grunngi vala de har teke.
Hugs å føre opp bruk av praterobot som kjelde. Slik fører de til dømes NDLAs praterobot Elevhjelp i kjeldelista etter APA 7:
Azure OpenAI. (2023). NDLA praterobot: Elevhjelp (9. oktober versjon) [Stor språkmodell GPT-3.5 Turbo]. NDLA. https://ndla.no/minndla
Relatert innhald
Kva er ein praterobot, korleis fungerer ein språkmodell, og korleis tenker du kritisk over svara du får?
Du må tenke på presist språk, rolle og tone, kontekst, format, rekkefølge og oppfølgingsspørsmål når du lagar leietekstar til praterobotar.