Eigenvurdering
Eigenvurdering i emnet juss og etikk i mediekommunikasjon
Kva kan du om etiske og juridiske vurderingar i mediekommunikasjon og om yrkesetikk i mediebransjen etter å ha jobba med dette emnet?
Når du har jobba med dette emnet, bør du
ha eit medvite forhold til etikk når du kommuniserer i klassen og i sosiale medium
kunne gjennomføre gjennomtenkte etiske val i eigen medieproduksjon
kjenne til dei juridiske reglane som gjeld for publisering, og overhalde desse i arbeid med eigne medieuttrykk
kunne drøfte etiske og juridiske problemstillingar i medieuttrykket til andre
Viktige omgrep i emnet juss og etikk i mediekommunikasjon
Her er ei oversikt over nokre viktige omgrep som du bør kunne:
diskursetikk
juss
konsekvensetikk
medieetikk
opphavsrett
personvern
pliktetikk
presseetikk
yrkesetikk