Eigenvurdering av emnet mediepåverknad
Når du har jobba med dette emnet, bør du
kjenne til nokre mediefaglege teoriar om korleis media påverkar deg som individ og det samfunnet du er ein del av
forstå forskjellen på individuell og kollektiv identitet, og korleis identiteten vår blir utvikla i samspel med andre
kunne reflektere over kvifor sosiale medium i dag er ei viktig scene for sjølvframstilling, og kva følger det har
kunne drøfte i kva grad medieinnhald påverkar haldningar, identitet og sjølvforståing
ha kunnskap om korleis algoritmar og kunstig intelligens blir brukte til å samle inn og styre informasjon, og kunne vurdere positive og negative sider ved ein slik bruk av teknologi
Her er ei oversikt over nokre viktige omgrep som du bør kunne:
dagsordenfunksjon
ekkokammer
identitet
individuell identitet
kollektiv identitet
kultivasjonsteori
sjølvframstilling
stereotypi
tostegshypotesen