Sosialisering
Norm tyder reglar og forventing om bestemt oppførsel. I Store norske leksikon finn vi følgjande forklaring:
I en sosial gruppe vil det alltid være en tendens til at det danner seg visse mønstre som det forventes at individene skal handle og tenke i samsvar med. Normer betegner slike mønstre som er relativt stabile over tid.[1]
Når vi veks opp, blir vi sosialiserte inn i normer og regelsett. Normer gir flyt i samhandlinga mellom menneske.
Sjå berre for deg korleis ein skuletime, ein busstur eller ein fotballkamp ville vore om ikkje folk visste korleis dei skulle oppføre seg. Publikum ville storma inn på banen og blanda seg i dommaren sine avgjerder, bussjåføren ville plutseleg ha valt ei anna rute og kanskje parkert midt i vegen for å ete lunsj. Og læraren hadde kanskje vist fram bilete av barna sine i staden for å fokusere på faget.
Kva for normer vil du seie gjeld for
- middagbesøk hos bestemor
- fest med vener
- kollektivtransport til skulen
- kinoen
- fagsamtale med lærar
Kvifor hyler og skrik jenter når dei ser idolet sitt? Kristinn Hegna er ungdomsforskar hos NOVA og fortel om korleis ungdom blir sosialiserte.
Til ettertanke
Korleis passar det ungdomsforskar Kristinn Hegna seier, med dine eigne erfaringar?
Sosiale normer er noko anna enn eit lovverk. Vi blir ikkje straffa med bøter eller fengsel for å bryte sosiale normer, og det finst inga normsamling på same måten som det finst ei lovsamling. I staden handlar det om uskrivne reglar for korleis vi skal oppføre oss.
Men brot på uskrivne sosiale reglar kan føre til latterleggjering, ubehagelege kommentarar, sosial isolasjon eller til og med utstøyting frå ei gruppe. Gjennom reaksjonar på normbrot, gjennom handlingar, kroppsspråk og skriftleg og munnleg dialog, blir normer utvikla og haldne ved like.
Til ettertanke
Når barn og unge mobbar og blir mobba, er det gjerne sosialisering som skjer utan at vaksne får justert handlingar og kommunikasjon.
Det er grunnen til at vaksne skal vite om mobbing og utstøyting. Og at det også er vaksne som må ta ansvar for å rydde opp når standarden på normene i ei barne- eller ungdomsgruppe ikkje er sunn.