Kulturell identitet og representasjon - Medie- og informasjonskunnskap 1 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Kulturell identitet og representasjon

Vi får idear om kven vi vil vere, og kven vi kan vere, gjennom rollemodellar og førebilete vi møter i samfunnet. Men kva skjer om førebileta aldri liknar på deg ?

Ein viktig del av å vere ung er å finne ut ikkje berre kven du er, men kven du vil vere. Svaret finn du ofte i den kulturelle konteksten du er i. Vi møter førebilete i kvardagen, blant anna i ulike medium, i lokalsamfunnet og gjennom kulturuttrykk som filmar, seriar og musikk. Vi seier at vi identifiserer oss med desse førebileta.

Representasjon er viktig når vi snakkar om kulturell identitet og utforskar kulturuttrykk. Kva identitetar blir tilbodne som rollemodellar i til dømes seriar eller på sosiale medium, og kva identitetar er usynlege?

Det handlar om å høyre til

Kulturell identitet handlar om å føle tilhøyrsel til ei gruppe, men er du i mindretal og utan rollemodellar, kan det bli vanskeleg. Er du ein minoritet i ein majoritetskultur, er det vanskelegare å finne førebilete som liknar deg sjølv.

Det kan lett blir tolka som at din måte å vere på ikkje har verdi, sidan det ofte er ideala som blir løfta fram i offentlegheita. Representasjon er eit omgrep som vi bruker om kven som blir representerte i kulturen, altså kven som er synlege i samfunnet.

Samfunnsdebattanten Nastaran Marie Kowkabi set ord på kor viktig representasjon er, i eit intervju med NRK der ho fortel om gleda ved å kjenne seg att i NRK-serien Norsk-ish:

Det er veldig spesielt å sitte å se denne serien. Jeg er 34 år gammel og har bodd i Norge så å si hele livet mitt, men det å se representasjonen på denne måten er likevel veldig spesielt. Det sier kanskje noe om hvor lite det er av det, og at det fremdeles er en lang vei å gå … Jeg tenker ofte på barna mine som vil ha bakgrunnen min, men som nå kan se seg selv på TV.

Usynlegheit blir til skam

I verste fall kan den kulturelle identiteten bli ei kjelde til skam om han ikkje er representert i samfunnet du lever i. I videoen under beskriv Ulrik Imtiaz Rolfsen korleis mangelen på rollemodellar påverka han i oppveksten:

Kva skjer når du ikkje har rollemodellar for den kulturelle identiteten din? Video: Terranova Media / CC BY-NC-SA 4.0

Representasjon og kulturelt mangfald

Noreg er eit av mange land som har skrive under UNESCO-konvensjonen om å verne og fremje eit mangfald av kulturuttrykk. Konvensjonen er grunngitt i at kulturelt mangfald er ein del av vår felles arv som menneske, og at det er viktig for alle at dette blir verdsett og teke vare på.

Representasjon er viktig i dette perspektivet, fordi språk, tradisjonar og andre kulturuttrykk kan forsvinne når minoritetar veks opp utan rollemodellar for den kulturelle identiteten sin.

Minoritetane som blei offer for fornorskingspolitikken til den norske staten på 1800- og 1900-talet, fortel om dette. Å snakke samisk og kvensk var forbode i skulen heilt fram til 1959, og konsekvensane av dette var at foreldre slutta å snakke morsmålet sitt med barna sine. Mange skjulte den samiske identiteten sin fordi han blei sett på som noko negativt.

Språk er viktig for kulturell identitet

Språk er viktig for kulturell identitet, og derfor handlar representasjon òg om å møte morsmålet sitt i samfunnet rundt seg.

I filmen Hjertespråket, som du kan sjå under, seier sørsamiske Marja Helena Fjellheim Mortensson: «Vi har vore usynlege lenge.» Ho fortel at språk er viktig for identiteten hennar, og at ho vil jobbe med å gjere sørsamisk musikk tilgjengeleg for sørsamisk ungdom som veks opp i dag.

Video: APPLAUS! FILM&TV / CC BY-ND 4.0

Tenk over / diskuter

I filmen Hjertespråket fortel Ella Marie Hætta Isaksen at mange har kome bort til henne og fortalt at dei er stolte over det samiske etter å ha sett ho i Stjernekamp. Kvifor trur du dei er det?

Ser du mange som liknar på deg, på sosiale medium og i filmar og seriar?

Er det nokon grupper menneske du aldri ser? Kvifor?

Kjelder:

Eliassen, H.Ø., & Andersen, I.Y. (2020, oktober 1). «Seriesuksessen ‘Norsk-ish' hylles for musikkbruken». Henta 9. oktober, 2020 frå Nrk.no: https://www.nrk.no/kultur/seriesuksessen-_norsk-ish_-hylles-for-musikkbruken-1.15171875

Konvensjon om å verne og fremme et mangfold av kulturuttrykk (UNESCO). (2007, 18. mars). https://lovdata.no/dokument/traktat/traktat/2005-10-20-100

Skrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 17.09.2020