Gjere bilete skarpare - Medie- og informasjonskunnskap 1 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Gjere bilete skarpare

Å auke skarpleiken i biletet er ofte naudsynt, då dei fleste digitale kamera lagar litt blaute eller uskarpe bilete. Dette er ein vanleg del av etterbehandlinga og blir vanlegvis utført som aller siste steget før biletet blir lagra.

Når vi jobbar med oppskarping, er det viktig at vi ser biletet i faktisk storleik. Det er fort gjort å overdrive effekten. Då blir biletet støyete og kornete. Derfor må vi følge nøye med i forstørra vising og sjå på eit utsnitt av biletet med viktige detaljar. Biletet skal bli noko skarpare, men framleis sjå naturleg ut.

Legg på filter for oppskarping

I menyen for filter eller effektar i biletredigeringsprogram finn vi fleire filter for oppskarping. Dette er kanskje alt ein treng å gjere.

For å kunne redigere skarpleiken vidare kan høgpassfilter vere ein god metode for å justere skarpleik. Dette er den mest manuelle måten å gjere det på. Ved å legge filteret på ein lagkopi kan ein sidan justere intensiteten, eller maskere det ut.

I Photoshop har du fleire moglegheiter å velge mellom:

Uskarp maske / Unsharp mask

Video: Tom Knudsen / CC BY-SA 4.0

Høypass / High pass

Video: Tom Knudsen / CC BY-SA 4.0

Smart oppskarping / Smart sharpen

Video: Tom Knudsen / CC BY-SA 4.0
Skrive av Johannes Leiknes Nag og Tom Knudsen.
Sist fagleg oppdatert 30.11.2022