Film og filmklipp
Film: Twitter-demokratiet
Korleis bruker politiske aktørar sosiale medium? Kva skjer når den offentlege samtalen går uredigert føre seg? Korleis påverkar debattklimaet i sosiale medium unge som ønskjer å engasjere seg politisk?
I filmen Twitter-demokratiet møter du medieforskar Linn Sandberg ved Institutt for medier og kommunikasjon ved Universitetet i Oslo. Ho har skrive ei doktoravhandling om kva politiske aktørar som vinn på å bruke sosiale medium, og korleis politisk kommunikasjon blir forma på desse plattformene.
Med i filmen er òg Ane Breivik, leiar av Unge Venstre, og student Rodas Tadese Sibahtu, som òg er aktiv i Unge Venstre.