Hopp til innhald

Medium, demokrati og medborgarskap

Media har ei viktig rolle i eit demokrati. Dei formidlar informasjon og er ein arena for politisk debatt. Ei sentral rolle for redaksjonelle medium er å avsløre maktmisbruk. Medborgarskap handlar om ytringsfridom og om at alle har moglegheit til å delta i samfunnsliv og arbeidsliv.

"Twitter-demokratiet"

Sosiale medium utfordrar demokratiske prosessar på andre måtar enn tradisjonelle redaksjonelle medium. Fleire kan no delta i den offentlege samtalen, men samtidig kan sosiale medium vere med på å auke polariseringa mellom ulike samfunnsgrupper og til å spreie desinformasjon og propaganda.