Oppgåve
Trening på hjarte- og lungeredning, HLR
Du har lært at tidleg start av hjarte- og lungeredning bidreg til auka overleving. Det er viktig å ha både teoretisk og praktisk kunnskap om dette temaet, og derfor bør du gjennomføre regelmessige treningar på hjarte- og lungeredning. Kunnskapen din og praktiske evner kan redde liv.
- Beskriv korleis du gjennomfører hjarte- og lungeredning.
- Finn ut korleis skiltet som indikerer hjartestartar ser ut. Teikn skiltet.
- Nemn døme på stader der det ofte er plassert ein hjartestartar.
- Kvar er den næraste hjartestartaren der du er no?
- Beskriv korleis du nyttar ein hjartestartar.
- Gjer dei interaktive oppgåvene under.
Regelmessige praktiske øvingar er viktig for best mogleg hjarte- og lungeredning.
- Finn fram ei HLR-dokke, og gjennomfør hjarte- og lungeredning etter prosedyren. Byt på å vere den som komprimerer, den som gir innblåsingar og observatørar.
- Gjennomfør hjarte- og lungeredning med berre éin førstehjelpar og resten av gruppa som observatørar. Kor mange minutt kan du halde på før det blir for slitsamt?
Relatert innhald
Fagstoff
Hjarte- og lungeredning, HLRTidleg start av hjarte- og lungeredning kan vere med å auke moglegheita ein person har til å overleve, betydeleg, her tel kvart minutt.